Ein blind meddommar kunne ikkje slettast frå meddommarutvalet

Høgsteretts orskurd 21. april 2026, HR-2026-919-A, (sak nr. 25-132174SIV-HRET), sivil sak, anke over Borgarting lagmannsretts kjennelse 2. juli 2025. 

A, Norges Blindeforbund (partshjelpar) (advokat Erlend Kim Fossen) mot Staten v/Justis- og beredskapsdepartementet (Regjeringsadvokaten /advokat Kaija Marie Folkestad Bjelland)

Den ankande parten er blind. Hausten 2024 vart han vald inn i meddommarutvalet i ein kommune. I februar 2025 vart han kalla inn som meddommar i ei straffesak. Fagdommaren i saka meinte at han ikkje kunne gjera teneste fordi han var blind. Tingretten vedtok deretter å slette vedkommande frå meddommarutvalet i kommunen.

Saka gjaldt tolkinga av vilkåret om at ein person må vera «personlig egnet» for å gjera teneste som meddommar, jf. domstollova § 70. Spørsmålet var om ein blind person kan slettast frå meddommarutvala fordi synsnedsetjinga inneber at han ikkje er personleg eigna til vervet. 

Fleirtalet i Høgsterett (4-1) kom  – i lys av FNs Convention on the rights of persons with disabilities (CRPD) artikkel 5 og likestillings- og diskrimineringslova § 9 – til at vilkåret «personlig egnet» i domstollova § 70 må tolkast presiserande for å oppfylle krava til proporsjonalitet etter desse rettskjeldene: Ein person er valbar til meddommarutvalet sjølv om han er blind eller har andre funksjonsnedsetjingar. Vurderinga av om ein person med funksjonsnedsetjingar  er eigna som meddommar, må gjerast konkret i den einskilde saka, ut frå sakas karakter saka og høvet til tilrettelegging.

Mindretalet meinte at det ikkje var mishøveleg å krevja at dei som blir valde til dei vanlege meddommarutvala må kunne gjera teneste «i en ikkje ubetydelig andel av sakene», og at anken burde forkastast.   

Les avgjerda frå Høgsterett (PDF)

Nøkkelavsnitt: 48, 54, 62, 73

Dommarar: Bull, Arntzen, Høgetveit Berg, Stenvik, Steen