Dommaranes nei

Den 21. desember markerer Høgsterett at det er 80 år sidan dommarane i desember 1940 sa frå seg embeta sine i protest mot okkupasjonsmakta. Denne handlinga framstår for ettertida som den viktigaste og mest vidtrekkande i Høgsteretts historie.

Reichskommissar Josef Terboven, som frå 24. april 1940 hadde den øvste sivile makta i Noreg, erklærte 25. september same året kongen og regjeringa for avsette. Administrasjonsrådet vart samstundes avløyst av tretten «kommissariske statsrådar», som med sine departement var underlagde Reichskommissar. Dei utgjorde såleis inga regjering. Svært raskt kom spørsmålet opp om dei forordningane som desse statsrådane gav, var gyldige.

Nokre forordningar frå Justisdepartementet greip inn i prinsippet om at domstolane er uavhengige – noko som med ein gong førte til reaksjonar frå Høgsterett overfor departementet. Striden vart sett på spissen da ei forordning frå 5. desember 1940 sette ned aldersgrensa for statstenestemenn, også dommarar, frå 70 til 65 år. Men dei som var mellom 65 og 70 år, skulle først gå av etter ei konkret vurdering av vedkommande «statsråd». Føremålet var klart: Dei som ikkje delte grunnsynet til okkupasjonsmakta, skulle fjernast frå stillingane sine. Alle høgsterettsdommarane var i plenumsmøte 6. desember 1940 samde om at denne forordninga endra Høgsteretts grunnlovsmessige stilling, og at dei med slike aldersgrensereglar ikkje kunne halde fram i embeta sine. Før dette vart meldt frå til departementet, fekk Høgsterett eit brev frå Reichskommissar der det stod at domstolane ikkje hadde høve til å setje til side eller prøve gyldigheita av forordningar som Reichskommissar eller dei kommissariske statsrådane hadde kunngjort.

I brev 9. desember bad Høgsterett om at aldersgrenseforordninga vart endra. Men det er brevet som vart sendt 12. desember 1940, som har særleg historisk interesse. Her heiter det mellom anna:

«Vi vil fremholde at domstolene etter norsk konstitusjonell rett har plikt til å prøve gyldigheten av lover og administrative forordninger. Under en militær okkupasjon må domstolene etter vår mening på samme måte under avgjørelsen av de rettsspørsmål som forelegges under en sak, kunne – i den utstrekning folkeretten hjemler det – ta stilling til den folkerettslige gyldighet av forordninger som er utstedt av okkupasjonsmaktens organer. Vi kan ikke følge det syn på domstolenes myndighet som Reichskommissars brev gir uttrykk for, uten å handle i strid med våre plikter som dommere i Norges Høyesterett. Vi finner derfor ikke å kunne fortsette i våre embeter. Vi forutsetter nærmere konferanse med Justisdepartementet om tidspunktet for vår fratreden.»

Den 18. desember 1940 fekk Høgsterett under hand greie på at alle dommarar over 65 år skulle avsetjast. Ved nyutnemningar ville da nazidommarar få fleirtal i retten. Etter dette vart det same dagen sendt brev til Justisdepartementet der det stod at alle dommarane ville leggje ned sine «embeter lørdag 21. d.m. som etter Høyesteretts forretningsorden er rettens siste dag før rettsferien».

Fleire av dommarane vart seinare svært aktive i den vidare motstandskampen. Høgsterettsjustitiarius Paal Berg vart leiar av Heimefronten. Dommar Ferdinand Schjelderup vart med han i den såkalla «Kretsen», leiinga, frå starten i 1941. Også dommar Erik Solem kom med i leiinga av Heimefronten.

Den 9. mai 1945 tok dommarane som la ned embeta sina 21. desember 1940, opp at arbeidet i Høgsterett. Fleire av dommarane hadde diverre gått bort under krigsåra.

Etter krigen var konklusjonen til Undersøkingskommisjonen at «den tredje statsmakt og dens leder kan med stolthet se tilbake på sin virksomhet frem til den lange rettsferien som begynte den 21. desember 1940. Høyesterett fortjener folkets takk».

Framstillinga byggjer på delar av dommar Aage Thor Falkangers artikkel «Nokre historiske glimt» i Høgsteretts informasjonsbok. Boka er tilgjengeleg digital på www.hogsterett.no.