Pressemelding frå Høgsterett i klimasøksmålet
Sak nr. 20-51052SIV-HRET, sivil sak, anke over dom:
Partar: Natur og Ungdom og Föreningen Greenpeace Norden mot staten v/Olje- og energidepartementet.
Høgsterett i plenum behandlar 4.–12. november 2020 ankesak mellom dei ovannemnde partane. Naturvernforbundet og Besteforeldrenes klimaaksjon har erklært partshjelp til fordel for Natur og Ungdom og Föreningen Greenpeace Norden (miljøorganisasjonane).
Saka gjeld spørsmålet om kongeleg resolusjon 10. juni 2016 er gyldig. Vedtaket gjaldt tildeling av utvinningsløyve på den norske kontinentalsokkelen i Barentshavet søraust og Barentshavet sør – «23. konsesjonsrunde». Miljøorganisasjonane har gjort tre ulike grunnlag for ugyldigheit gjeldande.
Det er for det første gjort gjeldande at vedtaket er i strid med Grunnlova § 112 som følgje av at miljøkonsekvensane av vedtaket samla sett må reknast som så skadelege at det strir mot ei materiell grense etter Grunnlova § 112. Ved behandlinga av denne anførselen må Høgsterett blant anna ta stilling til kva type rettigheitsføresegn Grunnlova § 112 er, og det nærare vurderingstemaet i føresegna.
For det andre har miljøorganisasjonane gjort gjeldande at vedtaket er i strid med retten til liv, nedfelt i Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 2 og Grunnlova § 93, og retten til familieliv, nedfelt i EMK artikkel 8 og Grunnlova § 102. Her reiser saka særleg spørsmål om korleis EMK artikkel 2 og 8 kan nyttast på klimautslepp.
For det tredje er det gjort gjeldande at de tre utvinningsløyva som er tildelte i Barentshavet søraust, er ugyldige som følge av saksbehandlingsfeil under vedtaksprosessen. Miljøorganisasjonane har påberopt at det ligg føre mangelfull utgreiing både i samband med opningsvedtaket og ved tildelinga av utvinningsløyva.
Kravet frå miljøorganisasjonane om å kjenne vedtaket heilt eller delvis ugyldig førte ikkje fram for dei tidlegare instansane, jf. Oslo tingretts dom 4. januar 2018 og Borgarting lagmannsretts dom 23. januar 2020.
Høgsterett har til saman motteke seks skriftlege innlegg til å kaste lys over allmenne interesser i saka etter tvistelova § 15-8 som vil inngå i Høgsteretts avgjerdsgrunnlag. Dette er innlegg frå Noregs institusjon for menneskerettar, FNs spesialrapportørar for menneskerettar og miljø og for giftige utslepp og menneskerettar, The Allard K. Lowenstein International Human Rights Clinic of Yale Law School, Center for International Environmental Law, The Environmental Law Alliance Worldwide og Klimarealistene.
Ankeforhandlinga blir gjennomført som fjernmøte og vil bli strøymd av pressa.
Sjølv om ankeforhandlinga blir gjennomført som fjernmøte, vil prosessfullmektigane prosedere frå møtesalen i Høgsteretts Hus. På grunn av smitteverntiltak er det berre plass til få tilhøyarar. Partsrepresentantane i saka har førerang, og pressa vil så langt mogleg bli prioritert. Nærare informasjon om dette finst her.