Fagseminar om jordskifte
For første gong inviterte Høgsterett til fagseminar om jordskifte. Heilt sidan slutten av 1800-talet har jordskifteretten vore eit viktig lågterskeltilbod og ein konfliktløysar for alle som eig eit stykke Noreg, sa høgsterettsjustitiarius Toril Marie Øie i innleiinga si.
Heile talen hennar kan du lese her.
Leiarane for alle dei 19 jordskifterettane i Noreg var inviterte til samlinga 7. november, i tillegg til jordskiftelagdommarar og førstelagmenn. Formålet med møtet var å bli betre kjende på tvers av instansane og lære meir om arbeidsdagen til kvarandre. Sjå bilete frå fagsamlinga Flickr
På agendaen stod mellom anna
- siling av ankesaker til Høgsterett
- avklaringsbehov innan jordskifte
- effektivisering av jordskifteprosessen
- sakskostnader
Høgsterett har dei siste fem åra mottatt nærmare 80 ankar over dommar og jordskifteavgjerder som har utspring i avgjerder frå jordskifterettane. Men som på andre rettsfelt har berre ein liten andel sloppe gjennom til ankebehandling. Den siste saka som blei behandla i Høgsterett, var ei erstatningssak om skade frå beitande dyr på ferdigplen (HR-2022-2068-A).
Vil du vite meir om jordskifterettane, les her