H.K.H Prinsesse Ingrid Alexandra i Høgsterett
H.K.H Prinsesse Ingrid Alexandra vitja i dag Høgsterett, som ei av tre statsmakter. Høgsterettsjustitiarius Toril Marie Øies orientering for prinsessa er no publisert.
Framstillinga vart gjeven i ei munnleg og kortare form under sjølve vitjinga, men prinsessa fekk med seg den skriftlege orienteringa heim.
Vitjinga til Høgsterett skjedde i samband med prinsessas 18-årsdag. Ho vitja også dei andre statsmaktene: Stortinget og Regjeringa ved Statsministerens kontor.
Bilete frå besøket i Høgsterett finn dere her.