Mottaking for nye advokatar med møterett
7. juni kunne Høgsterett igjen halde ei mottaking for nye advokatar som har fått møterett. Mange av advokatane som fekk møterett i 2020 og 2021 hadde på grunn av koronaen hatt begge prøvesakene sine digitalt.
«Kjære advokatar med møterett i Høgsterett: Velkomen til oss!
Gratulerer med godkjent prøve!
Dere har vist at de er «skikket for sakførsel ved Høyesterett», som det heiter i domstolloven § 221»
Slik starta høgsterettsjustitarius Toril Marie Øie då ho tala til dei nye møterettsadvokatane.
I alt 38 advokatar fekk møterett i 2020 og 2021, 13 av dei var kvinner.
På mottakinga i møtesalen i Høgsterett møttest advokatane, dommarane, regjeringsadvokaten og leiinga i advokatforeninga til ein uformell prat.
Justitiarius Øie minte om at alle, sjølv om dei ikkje har prøvesak, kan be om ei tilbakemelding på prosedyren frå ein av dommarane. Ta kontakt med protokollsekretær på førehand dersom du ønskjer dette.
Kva er ein god prosedyre for Høgsterett ? Dette står det mykje om i advokatrettleiinga vår som du finn her.