Strøyming av rettsmøte i Høgsterett
Høgsterett strøymer somme ankeforhandlingar direkte. Desse rettsmøta kan følgjast på nettstaden vår utan pålogging.
Partane får alltid høve til å uttale seg dersom det blir vurdert å strøyme rettsmøtet, og sjølve vedtaket om strøyming blir gjort av ein dommar.
I oversikta over kommande rettsmøte og i berammingslista vil det stå om saka skal strøymast.
Før rettsmøtet blir det oppretta ei eiga side for strøyminga øvst på framsida på Høgsteretts nettstad.
Kva saker blir strøymde?
Høgsterett installerte strøymeutstyr i andre avdelings rettssal, den eine av to rettssalar, sommaren 2023. De ankeforhandlingane som blir strøymde, blir haldne i denne rettssalen.
Heimelen til å strøyme rettsmøte kom i 2022. Det rettslege grunnlaget er domstollova § 124 a, som opnar for at retten kan vedta strøyming “så langt det ikke gjelder begrensninger i offentligheten for rettsmøtet og hensynet til personvern eller andre hensyn ikke taler avgjørende imot”.
I de sakene der det er heimel til å strøyme, gjer Høgsterett ei vurdering om strøyming basert på visse gjevne kriterium:
- Saker i plenum og storkammer vil som hovudregel bli strøymde.
For avdelingssaker legg vi vekt på:
- Allmenn interesse. Vedkjem det rettslege spørsmålet ei stor gruppe, talar det for strøyming, ulikt saker med smalare og meir tekniske problemstillingar.
- Myndigheitskontroll. Kontroll med vedtak eller inngrep av dei andre statsmaktenes er i eit rettsstatsperspektiv særleg viktig og tilseier høg grad av openheit.
- Geografisk forankring langt frå Oslo.
- Variasjon i rettsområde, slik at vi over tid får eit spenn i kva interessegrupper vi når.
Direktestraum, ikkje opptak
Nokre få av publikumsplassane i rettssalen er synlege på videostraumen, og desse blir tydeleg merkte. Sjølv om rettsmøtet blir strøymt, blir det ikkje lagt ut opptak på Høgsteretts nettstad.
Har du spørsmål om strøyming av rettsmøte i Høgsterett? Ta kontakt på info@hoyesterett.no