Vil du følge eit rettsmøte?
Publikum som vil følge ankeforhandlingane i Høgsteretts hus, treng ikkje sende påmelding. Dei fleste sakene går for opne dører.
Dersom saka ikkje går for opne dører, vil det stå på heimesida vår.
Ei oversikt over saker som blir behandla i Høgsterett.
Ankeforhandlingane blir avvikla i rettssalane i Høgsteretts hus. Adresse: Høyesteretts plass 1, Oslo.
Ikkje ta med store gjenstandar
Alle som skal inn i Høgsteretts hus må gjennom ein tryggleikskontroll ved inngangen. Det er ikkje lov å ta med farlege eller store gjenstandar inn i bygget. Dette gjeld også til dømes batteri på syklar og sparkesyklar. Vi har ikkje moglegheit til å ta vare på denne typen gjenstandar i resepsjonsområdet vårt.
Inngang for rullestolbrukarar
Ved sida av hovudinngangen på Høyesteretts plass 1 er det ein universelt utforma inngang til bygget. Inngangen er skilta og har ei ringjeklokke. Når du ringjer på, vil du bli møtt av ei resepsjonsvakt, som gjer ein manuell tryggingskontroll og rettleier deg til riktig rettssal. Det er ikkje påmelding for å følgje saker i Høgsterett, men for best mogleg tilrettelegging kan du melde frå på førehand til info@hoyesterett.no at du vil trenge assistanse.
Dersom du treng assistanse medan du er inne i bygget, kan du ringje resepsjonen på 22 03 59 99.
Publikumstoalettet for rullestolbrukarar er i 2. etasje. Det er heis mellom 2. og 3. etasje.
Strøyming av rettsmøte
Det er installert nytt video -og lydutstyr i rettssalen til Høgesteretts andre avdeling (plenumssalen). Utstyret vil ôg kunne brukast til strøyming av enkelte rettsmøte.
Informasjon om kva saker som blir strøymde