Ny dommar i Høgsterett
Therese Steen vart i statsråd fredag 20. juni 2025 utnemnd til dommar i Noregs Høgsterett.
Therese Steen er i dag direktør for Noregs Bank Administrasjon. Ho har tidligare vore ekspedisjonssjef ved Statsministerens kontor, arbeidd som lagdommar i Borgarting lagmannsrett og vore advokat hos Regjeringsadvokaten.