Ny dommar i Høgsterett
I statsråd fredag 29. mai 2026 vart Pål Wennerås utnemnd til dommar i Noregs Høgsterett.
Pål Wennerås er i dag lagdommar i Borgarting lagmannsrett. Før han tiltrådde der i juli 2024, hadde han ein lang karriere hjå Regjeringsadvokaten, der han byrja som advokatfullmektig i 2006. Han fekk møterett for Høgsterett i 2011, har ein doktorgrad (ph.d.) og er cand.jur. frå Universitetet i Oslo.
Les pressemeldinga frå regjeringen.no
Les uttalen frå justitiarius