Behandlinga i Høgsterett

Alle saker som blir bringa inn for Høgsterett, blir først behandla i ankeutvalet. I tillegg til å avgjere ankar over orskurdar og avgjerder er ankeutvalet ein silingsinstans i anke over dommar. Ingen anke kan fremmast til Høgsterett utan samtykke frå ankeutvalet.

Som den øvste domstolen i landet skal Høgsterett sørge for rettsavklaring der rettstilstanden kan vere uklar. Høgsterett har også eit ansvar for rettsutviklinga, innanfor rammene av lovgivinga, der nye samfunnsproblem krev det. Saker som reiser prinsipielle spørsmål ut over det konkrete saksforholdet, vil derfor ofte sleppe inn til behandling.

Avdeling, storkammer eller plenum

I den enkelte saka blir retten sett med fem dommarar. Av omsyn til saksavviklinga arbeider Høgsterett i to parallelle avdelingar. I visse tilfelle blir ei sak behandla i storkammer med 11 dommarar eller i plenum av ein samla Høgsterett.

Munnlege forhandlingar

Rettsforhandlingane i Høgsterett er nesten alltid munnlege og går i dei aller fleste tilfelle for opne dører. Det er ingen direkte bevisføring i form av parts- og vitneforklaringar slik som i tingrett og lagmannsrett. Høgsterett reiser heller ikkje ut på synfaringar.

I ankeutvalet er saksbehandlinga skriftleg, og avgjerdene blir tatt på grunnlag av saksdokumenta.

Dommarane deltar etter ei skiftordning i begge avdelingane og i ankeutvalet.