Høgsterett i storkammer og plenum
I saker som er særleg viktige, kan det bestemmast at saka skal avgjerast av Høgsterett i storkammer, sett med 11 dommarar. Ved vurderinga skal det mellom anna leggast vekt på om saka reiser spørsmål om konflikt mellom lover og Grunnlova eller avtalar Noreg er bunde av i internasjonalt samarbeid. I heilt særlege tilfelle kan det bestemmast at saka skal avgjerast av Høgsterett i plenum, sett med alle dommarane i Høgsterett som ikkje er inhabile eller har gyldig forfall. Det er for tida 20 dommarar i Høgsterett, inkludert justitiarius. Talet på dommarar som voterer i saka, vil vera det høgste moglege oddetalet.