Høgsteretts historie

30. juni 1815 opna Høgsterett, Noregs øvste domstol, for første gong. Dette var eit viktig steg for ein ny og sjølvstendig nasjon.

Opninga fann stad i lånte lokale, i Katedralskolens bibliotek i Dronningens gate 15 i Kristiania.

Høgsterett blei den siste av statsinstitusjonane som fekk flytte inn i eige hus.

Johan Randulf Bull (1749–1829), på den tida var stiftamtmann i Bergen, blei den første leiaren av Høgsterett (justitiarius). Han blei saman med dei seks andre dommarane utnemnd i statsråd 27. september 1814.