Høgsterett 1940 – opprettinga av Administrasjonsrådet

Etter at tyskarane gjekk til åtak på Noreg 9. april, forlét kongen, regjeringa og stortingsmennene Oslo på flukt nordover i landet.

Den same dagen oppnemnde Quisling seg sjølv som leiar for ei nasjonal regjering. No var Høgsterett den einaste norske lovlege statsmakta i hovudstaden.

Som reaksjon på Quislings statskupp oppretta Høgsterett Administrasjonsrådet den 15. april. Rådet hadde som oppgåve å leie den norske siviladministrasjonen i dei okkuperte områda.

Frå Vågåmo i Gudbrandsdalen sende regjeringa den 17. april ut ei kunngjering til det norske folk der dei understreka at dei framleis var landets einaste lovlege regjering. Den 19. april sende kong Haakon høgsterettsjustitiarius Paal Berg eit brev basert på denne kunngjeringa.

Foto: Riksarkivet, fotograf Odd Amundsen

I brevet gav kongen uttrykk for at han hadde full forståing for at Høgsterett valde å danne eit administrasjonsråd for dei okkuperte områda. Han tok likevel som ei sjølvfølge at alle norske borgarar i det okkuperte Noreg framleis var å rekne som borgarar av den norske staten og underlagde myndigheita til kongen og landets lovlege regjering.

Bilettekst: Kongen presiserte også at han og regjeringa ikkje ville la seg binde av avgjerder tatt av Administrasjonsrådet.
Foto: Riksarkivet, fotograf Odd Amundsen