Høgsterett 1940 – høgsterettsdommarane trekker seg
Øvstkommanderande for den tyske okkupasjonsmakta i Noreg, Josef Terboven, erklærte 25. september konge og regjering for avsette.
Terboven avsette også Administrasjonsrådet. Rådet blei erstatta av konstituerte statsrådar direkte under Terboven. Sjølv om ikkje alle dei nyutnemnde statsrådane var NS-medlemmer, avla alle lojalitetsløfte til Quisling.
Den 14. november sende Justisdepartementet ut ei forordning som gav den konstituerte statsråden rett til å seie opp og oppnemne forliksmenn og å stryke og oppnemne lagrettemenn, domsmenn og rettsvitne.
Høgsterett meinte at denne forordninga krenkte den uavhengige stillinga til domsmyndigheitene, og at ho var i strid med Haag-kommisjonens reglar for krigførande partar.
Den 12. desember gjorde høgsterettsdommarane det klart overfor departementet at dei trekte seg frå stillingane sine. Dei føresette også ein konferanse med departementet om tidspunktet for fråtredinga, men departementet svarte ikkje på denne førespurnaden.