Husmordommen – husarbeid blir likestilt med lønt arbeid
I eit skilsmisseoppgjer i 1971 oppstod det ueinigheit mellom ektefellane om fordeling av felles bustad. Mannen hadde finansiert og bygd huset, medan den heimeverande kona hans hadde tatt seg av barna og heimen.
I skifteretten blei mannen tilkjend eigedommen. Kona anka saka til lagmannsretten, som framheva innsatsen ho hadde lagt ned i heimen, og fastslo at bustaden skulle delast likt mellom ektefellane. Mannen anka lagmannsrettsdommen til Høgsterett.
I dom av 4. mars 1975 kom Høgsterett til at arbeidet i heimen gjorde kona til medeigar i bustaden. Det ville ikkje ha vore mogleg for mannen å tene og jobbe så mykje utan innsatsen frå ektefellen.
Dommen skapte presedens for liknande saker og fekk stor betydning for rettsstillinga til heimeverande kvinner i skilsmisseoppgjer. Prinsippet om verdsetting av ulønt arbeid blei seinare nedfelt i ekteskapslova.