Kløftadommen – prøvingsretten i utvikling

Ved bygging av E6 ved Kløfta i 1974 gjorde kommunen vedtak om ekspropriasjon etter ny lov av 1973.

Kommunen tilbaud erstatning etter jordbruksverdi, medan grunneigarane ville ha erstatning etter tomteverdi. Dei viste til Grunnlova § 105 om full erstatning og meinte at lova måtte vere grunnlovsstridig dersom ho opna for noko anna.

Høgsterett kom til at den nye lova ikkje var i strid med § 105. Samtidig meinte retten at sidan lova opna for skjønn, burde det vore lagt større vekt på prinsippet i § 105 ved taksering av eigedommane. Saka blei derfor send tilbake til ny behandling.

Bilettekst: Utdrag frå Høgsteretts dom i ekspropriasjonssaka på Kløfta i 1974.
Foto: Riksarkivet, fotograf Odd Amundsen 

Høgsterett introduserte den såkalla tredelinga, som inneber at Grunnlova får stor gjennomslagskraft i saker som angår fridommen eller tryggleiken for enkeltmennesket. I saker som derimot angår verksemda til statsmaktene, må domstolane i stor utstrekning respektere Stortingets syn på rekkevidda av Grunnlova. Grunnlovsføresegner som vernar om økonomiske rettar, kjem i ei mellomstilling.