Lærarinnesaka – svangerskap gir ikkje heimel for oppseiing
I 1896 blei lærarinna Nilia Sæveraas oppsagd av Stavanger kommune fordi ho var gravid
Sæveraas kontakta Stavanger Kvinnesaksforening og bad om hjelp. Men sjølv om formannen i den lokale kvinnesaksforeininga, Anna Gjøstein, kunne vise til at det i Danmark var «mange kommunalt ansatte gifte Lærerinder med adskillige Børn», gjorde ikkje dette sterkt nok inntrykk på Stavanger byrett. Byretten støtta kommunen, men da saka kom opp i Høgsterett i 1906, fekk Sæveraas medhald.
Domstolen slo fast at fråvær på grunn av svangerskap ikkje var grunnlag for oppseiing, og kommunen blei dømd til å betale henne to og eit halvt års lønn. Berre fem dagar etter at dommen var kunngjord, var ho tilbake som fast tilsett lærarinne i folkeskolen.
Men alle vanskar var ikkje rydda av vegen. I 1928 vedtok Oslo kommune eit forbod mot å tilsette gifte kvinner. Først i 1939 blei det slått fast i lovs form at kvinner ikkje kunne seiast opp dersom dei inngjekk ekteskap.