Smuglingssaka – Kyrre Grepp blir frifunnen for spreiing av revolusjonær litteratur
Nyttårsaftan 1920 gjennomførte politiet razziaer i Folkets Hus og Kristiania Arbeidersamfunn. Fleire hestelass med «bolsjevikagitasjon» blei beslaglagde og køyrde til Møllergata 19.
Den 8. juli 1921 blei redaktør Olav Kyrre Grepp og assistentane hans, sjømann Olav Thorsen og student Rudolf Nielsen, dømde i byretten for brot på lov om midlertidige innførselsforbud og for brot på lov om salg og utførsel av fødevarer. Dessutan hadde dei handla i strid med kongeleg resolusjon av 6. november 1920 som sette forbod mot «inn- og utførsel av trykte skrifter fra Russland».
Bilettekst: Pågripingsordre for Rudolf William Nielsen i 1921.
Foto: Riksarkivet, fotograf Odd Amundsen
I Høgsterett fekk dei domfelte medhald i at lover som skulle sikre vareforsyninga under den første verdskrigen, ikkje kunne brukast til å forby inn- og utførsel av litteratur og trykksaker etter krigen. Resolusjonen frå 1920 var dermed utan lovheimel og streid dessutan mot Grunnlova § 100. Byrettsdommen blei oppheva. Dette var den einaste saka der ytringsfridomsparagrafen blei diskutert i Høgsterett i mellomkrigstida.
Bilettekst: Kyrre Grepp og assistentane hans blei frikjende for innførsel av trykte skrifter frå Russland. Foto: Riksarkivet, fotograf Odd Amundsen