Strandlovdommen – ein klassikar i norsk stats- og reguleringsrett
Den 7. februar 1970 avsa Høgsterett plenumsdom i strandlovsaka. Saka gjaldt den mellombelse strandlova av 1965 og forbod mot bygging i strandsona.
Eigaren av Sauholmen, ein skjergardseigedom på 70 mål i Tønsbergfjorden, gjekk til sak mot staten og kravde full erstatning etter Grunnlova § 105. Ein einstemmig Høgsterett frifann staten etter ei omfattande og prinsipiell drøfting.
Dommen er ein klassikar i norsk stats- og reguleringsrett og er knytt til ein annan klassikar – den store konsesjonsdommen i 1918. Den førstvoterande i strandlovsaka, dommar Mellbye, viste til førstvoterande assessor Backers votum frå 1918, som igjen viste til assessor Siewers votum da konsesjonssaka var oppe i byretten i 1914. Siewers meinte at § 105 gav rett til full erstatning ved ekspropriasjon, men at dette ikkje gjaldt når det ikkje hadde funne stad noka eigedomsoverføring. Eigarrådigheita, derimot, meinte Siewers staten måtte ha høve til å regulere, av allmenne omsyn og i samfunnet sine interesser.