Kor lenge den tilsette blir borte frå jobb varierer frå sak til sak. Nokre saker varer berre éin dag, andre saker kan vare i fleire veker. Den tilsette har fått beskjed om kor lenge saka er planlagt å vare, men saker kan både ta kortare og lengre tid enn planlagt. I tillegg treng den tilsette tid til å delta på domskonferanse etter rettsmøtet. Det kan skje same dagen som rettsmøtet blir avslutta, men det kan også bli gjort på eit anna tidspunkt.
Vi håper at du som arbeidsgivar har forståing for kor viktig oppgåve arbeidstakaren din er vald til.
Kva betyr dette for deg som arbeidsgivar?
Arbeidstakaren har krav på fri frå arbeidsgivaren. Arbeidsgivaren kan ikkje påleggje ein arbeidstakar å bruke avspasering eller feriedagar for å tenestegjere som meddommar.
Kor ofte må ein meddommar møte i retten?
I fireårsperioden blir vanlegvis meddommarar kalla inn éin til tre gonger i året. Fordi uttrekkinga av meddommarar skjer tilfeldig, er det også tilfeldig kor lang tid det går mellom kvar gong vedkomande blir trekt ut som meddommar.
Når blir meddommaren kalla inn?
Meddommarar blir trekte ut og varsla straks saka er tidfesta. I tingrettane skjer dette vanlegvis 4-6 veker før saka skal opp til behandling. I lagmannsrettane skjer det cirka 8 veker før saka kjem opp til behandling. Det kan skje på kortare varsel dersom det kjem forfall mellom dei som opphaveleg er trekte ut til å vere meddommarar i saka.
Har arbeidstakaren krav på løn?
Offentleg tilsette får vanlegvis dekka løn frå arbeidsgivaren sin. I det private næringslivet er det opp til bedrifta. Dersom arbeidstakaren ikkje får løn, vil arbeidstakaren få dette refundert av domstolen. Da må du som arbeidsgivar dokumentere lønskravet.
Kan den tilsette be om fritak frå vervet som meddommar?
Meddommarar har møteplikt. Brot på møteplikta kan medføre rettargangsbot. Meddommarar kan be om fritak i kvar enkelt sak, men det er strenge krav til søknad om fritak. Stor arbeidsbelasting er vanlegvis ikkje god nok grunn til å få fritak.
Varig fritak fra vervet gis av den kommunen som har valgt vedkommende.