Andre organ

I tillegg til dei alminnelege domstolane, har vi særdomstolar og domstolsliknande forvaltingsorgan.

Forliksråda

Forliksrådet er det første leddet i rettssystemet for sivile saker. Det er først og fremst ein meklingsinstitusjon

Les meir om Forliksrådet på deira eigen nettstad.

Domstolsliknande organ

Det er vanleg å karakterisere enkelte forvaltingsorgan som domstolsliknande, fordi dei har særtrekk som minner om domstolane. Dei er formelt sett forvaltingsorgan, men dei er organiserte og behandlar saker etter mønster frå domstolane.

Desse organa løyser rettslege tvistar. Dei avgjerdene dei fattar er rettsleg bindande, og i den faglege verksemda er dei i betydeleg grad uavhengige. Men avgjerdene kan overprøvast av dei alminnelege domstolane. 

  • Arbeidsretten
  • Forbrukertvistutvalet
  • Fylkesnemndene for sosiale saker 
  • Marknadsrådet
  • Pasientskadenemnda
  • Trygderetten
  • Utlendingsnemnda
  • Klagenemnda for industrielle rettigar

Utmarksdomstolen for Finnmark og Finnmarkskommisjonen

Finnmarkskommisjonen skal kartleggje eksisterande bruks- og eigarrettar i Finnmark. 

Utmarksdomstolen for Finnmark behandlar rettstvistar som kan oppstå når Finnmarkskommisjonen har kartlagt bruks- og eigarrettar.