Uavhengige domstolar gir innbyggjarane vern mot tilfeldige avgjerder og overgrep frå dei andre statsmaktene.
I Noreg set Grunnlova fleire grenser for kva Stortinget eller regjeringa kan bestemme, sjølv om desse føresegnene byggjer på viljen til eit fleirtal i folket. Domstolane i Noreg består av Høgsterett, lagmannsrettane, tingrettane og jordskifterettane.
Kontroll med dei andre statsmaktene
Domstolane kan setje til side ei lov som er vedtatt av Stortinget om dei meiner lova er i strid med Grunnlova. Det kan til dømes vere tilfelle om lova krenkjer ein eller fleire av dei konstitusjonelle rettane til innbyggjarane. Det er Høgsterett som kontrollerer om Stortinget si lovgiving er i samsvar med Grunnlova i dei sakene dei får til behandling. Men domstolane kan ikkje kontrollere lover ved å ta opp saker sjølv. Dei kan berre gjere dette når andre krev sak for domstolane.
Slike viktige spørsmål blir avgjort av Høgsterett i plenum. Resultatet kan då bli at Høgsterett set lova til sides. Dette inneber at domstolane gjennom den dømmande verksemda kan kontrollere Stortinget som lovgivande statsmakt. Dette har Høgsterett berre gjort nokre få gonger.
Domstolane kan også kontrollere avgjerder frå regjeringa eller forvaltingsorgan i enkeltsaker. Då tar domstolen stilling til om forvaltinga har halde seg innanfor lova. Domstolane kan også vurdere
- om vedtaket er basert på fakta og rett saksbehandling
- om det er utøvd utilbørleg eller grovt urimelig skjønn
Dersom vedtaket har slike feil, kan domstolane avgjere at vedtaket er ugyldig.
Ankesystem og lovtolking
Ein dom kan endrast etter ankebehandling. I straffesaker er den vanlege ankefristen to veker frå domsavseiinga. I sivile saker er ankefristen éin månad. Ein overordna domstol kan ikkje på eige initiativ instruere ein underordna domstol i behandlinga av enkeltsaker. Men den overordna domstolen kan bestemme at den underordna domstolen skal behandle saka på ny, dersom ein part har anka saka. Den underordna domstolen må då følgje dei vurderingane som den overordna domstolen har lagt til grunn for avgjerda si.
Stortinget vedtar lover som domstolane bruker i dei sakene som blir kravde. Det er domstolane som tolkar lova, og som i siste omgang avgjer korleis lova skal forståast. Dessutan har domstolane utvikla det som i dag er gjeldande rett på mange område.
Dommarar og inhabilitet
Ein rettsstat krev dommarar som er uavhengige og upartiske i forhold til partane og dei interessene som dei representerer. Partane i ei sak kan krevje at dommaren trer til side ved behandlinga av saka. Dette kan dei gjere dersom dommaren har ei tilknyting til saka eller partane som kan skape tvil om han eller ho vil vere objektive i vurderinga av saka. Dommarane har også eit sjølvstendig ansvar for å sjekke at dei ikkje er inhabile i kvar enkelt sak.
Sjølv om Grunnlova sikrar sjølvstendet til domstolane i den enkelte saka, er ikkje domstolane uavhengige av den demokratiske utviklinga i samfunnet. Stortinget vedtar reglar om organisering av domstolane, mellom anna kor mange domstolar landet skal ha, kvar dei skal lokaliserast, kor mange dommarar vi skal ha og framgangsmåten for utnemning av dommarar. Dette er områder der behova kan endre seg i takt med samfunnsutviklinga.
Kan ikkje avsetjast
Dommarar som er utnemnde etter reglane i Grunnlova, har som embetsmenn eit særskilt stillingsvern etter Grunnlova § 22. Dei kan ikkje avsetjast. I dette ligg at dei ikkje kan seiast opp eller flyttast mot sin vilje. Dei kan berre avsetjast etter rettargang og dom. Fast utnemnde dommarar kan suspenderast, men avgjerd om dette må fattast av Kongen i statsråd.
Som andre statstilsette kan også faste dommarar straffast for lovbrot utanfor tenesta. Men spørsmål om det skal reisast tiltale mot ein dommar for straffbare handlingar i tenesta, må avgjerast av Kongen i statsråd. Fast utnemnde dommarar kan heller ikkje få ordensstraff etter reglane i tenestemannslova. Høgsterettsdommarar har eit sterkare vern. Dei kan berre fjernast frå embetet sitt ved dom i Riksretten (domstol som dømmer i saker mot medlemmer av regjeringa, Stortinget eller Høgsterett om straffbare forhold). Det gjeld også andre særreglar for høgsterettsdommarar.
Dommarane sitt sterke stillingsvern skal sikre at dei ikkje blir avsette som følgje av upopulære avgjerder som styresmaktene eller andre er usamde i. Dette skal sikre at domstolane fattar uavhengige og nøytrale avgjerder.
Må ha folket sin tillit
Dei avgjerdene dommarane fattar får ofte stor betyding for personane som avgjerdene vedkjem. Ein nødvendig føresetnad for at rettsstaten skal fungere, er at lovene og avgjerdene som domstolane fattar blir respekterte av folk flest. Dette krev at folk har tillit til domstolane. Truverdet til domstolane må ikkje kunne svekkast av press eller ytre påverknad.
Skal domstolane vere frie og uavhengige, må dei ha faglege og økonomiske føresetnader for å utføre oppgåvene sine.
Saksbehandlingstida og kostnadene med ei rettssak er viktig for om folk flest skal ha moglegheit til å få avgjort saka si av domstolane. Kort saksbehandlingstid er i seg sjølv viktig for å sikre rettstryggleiken, noko som blir godt uttrykt i det engelske uttrykket "Justice delayed is justice denied".
Internasjonal rett spelar ei større rolle
Internasjonale domstolar har dei siste tiåra fått stadig større betyding, særleg i form av internasjonale konvensjonar om menneskerettar. Mellom anna spelar Menneskerettsdomstolen i Strasbourg ei viktig rolle i rettsutviklinga. Dersom Menneskerettsdomstolen skulle tolke konvensjonane annleis enn Høgsterett, må Høgsterett ta omsyn til desse avgjerdene.