Dette skjer i domstolane 4. - 8. oktober

Dette er nokon av sakene i nokon av landets domstolar denne uka. Du kan sjølv sjå liste over alle saksane i dei forskjellige domstolane på denne siden. Høgsterett legg òg ut informasjonn om sine kommande saker her.

Hordaland tingrett

Ein mann er tiltalt for to tilfelle av grovt ran og vald. Mannen skal ifølgje tiltalen, saman med andre, overfalla ein annan og spraya han i ansiktet med peparspray. Den fornærma vart deretter dratt inn i bilen sin og kasta inn i bagasjerommet der han på nytt vart slått. Ved det andre tilfellet overfall han ein anna fornærma ved å dra han inn i varebilen tilhøyrande fornærma. Den fornærma vart iført strips på hender og føter og trua med ein pistol.  Den fornærma vart utsett for massiv vald i form av slag og spark og han vart vist fram ein ferdig grove grav før han til slutt vart forlaten. (4. – 8. oktober) Saksnummer 21-093208MED-THOD/6

 

Midtre Hålogaland tingrett

Ein mann er tiltalt for grovt heleri. Ifølgje tiltalen mottok mannen kontantar eller via innbetalingar til eigne kontoar minst ca. kr. 700.000,- som stamma frå straffbare handlingar, mellom dei omsetning av narkotika. (5. oktober) Saksnummer 21-061837MED-TMHA/TSOR

Ein mann er tiltalt etter Straffeloven for å ha vore i besittelse av bilder/video av seksuelle overgrep mot barn eller framstilling som seksualiserer barn. Den tiltalte har over fleire år chatta med ulike personar om seksuelle overgrep mot barn.  Han har i desse samtalane delt og/eller tilbode å dela filer som inneheld seksuelle framstillingar av barn. (5. oktober) Saksnummer 21-062834MED-TMHA/TSOR

 

Møre og Romsdal tingrett

Ein mann er tiltalt for grov kroppskrenking. Den tiltalte skal saman med andre hatt kjennskap til at fornærma skulle utsetjast for vald, vore med, og stilte seg solidarisk då andre slo og sparka fornærma, som låg nede. (4. – 5. oktober) Saksnummer 21-118515MED-TMOR/TALE

 

Nord Troms og Senja tingrett

Ein mann er tiltalt for valdtekt i ei leilegheit i ein militærleir. Fornærma skal ifølgje tiltalen vore ute av stand til å motsetja seg handlinga på grunn beruselse og/eller søvn. (5. – 6. oktober) Saksnummer 21-100560MED-TNTS/TFIN

 

Oslo tingrett

Ein mann er tiltalt for å ha slått ein bussjåfør fleire gongar på ein bussterminal. (6. – 7. oktober) Saksnummer: 21-097363MED-TOSL

Ein mann er tiltalt for å ha ringt barnet sitt frå Oslo fengsel og oppfordra han til å forklara seg falsk i ei kommande ankeforhandling. Han skal ha bedt barnet si at mora hadde loge om handlingane hans. (6. oktober) Saksnummer: 21-064500MED-TOSL

 

Ringerike, Asker og Bærum tingrett

To menn er tiltalte for grovt bedrageri. Ved tre tilfelle skal mennene ifølgje tiltalen tileigna seg lån frå to finansinstitusjonar til å gi lån til luksusbilar. Låna vart opptatt i namnet til ein annan person og med falske dokument. Bilane vart deretter førte ut av landet.  Bedrageriet er grovt særleg fordi det har hatt til følgje ein betydeleg økonomisk skade og fordi handlinga er begått av fleire i fellesskap og hatt eit systematisk eller organisert preg. (4. – 5. oktober) Saksnummer 21-087791MED-TRAB/TSAV

 

Romerike og Glåmdal tingrett

Ein mann er tiltalt for ei rekke tilfelle av benyttelse av falske dokument for reseptbelagte midlar. Mannen skal òg ved fleire tilfelle ringt apotek og utgitt seg for å vera forskjellige legar og på den måten fått utlevert tablettar innhalda narkotiske stoff. I tillegg er mannen tiltalt for ruskøyring og fleire tilfelle av køyring utan førarkort. (5. – 6. oktober) Saksnummer 21-063053MED-TROG/TLST

 

Salten og Lofoten tingrett
Ein mann er tiltalt for skade på ein annan. Mannen skal ha kasta fornærma mot eit bord slik at ho fekk eit brot i ryggen. I samband med arrestasjonen slo han ein politibetjent i hovudet og skuldra då politibetjenten opna handjerna han var påsatt, for å undersøka helsetilstanden hans. (7. – 8. oktober) Saksnummer 21-103740MED-TSOL/TBOD

 

Søndre Østfold tingrett

Ein mann er tiltalt for grov og gjentatt mishandling av mora og sambuaren sin. Mannen er òg tiltalt for å sett fram grove truslar mot ein nabo, eigna til å framkalla alvorleg frykt. (5. – 7. oktober) Saksnummer 21-095152MED-TSOS/TFRE

 

Telemark tingrett

Ein mann er tiltalt for ei rekke brot på Straffeloven. Dette omhandlar § 292, 273, 271, 263, 298, 157, og 168. Dette inneber ifølgje tiltalen valdtekt, vald, truslar, seksuell krenkjande åtferd, og brot på besøksforbod mot ein person (5. – 7. oktober) Saksnummer 21-099614MED-TTEL/TNOT

 

Trøndelag tingrett

To menn er tiltalte for grov kroppskrenking. Dei tiltalte skal ha brukt eit elektrosjokkvåpen mot magen til fornærma og dessutan slått han fleire gangar med eit oskebeger i hovudet. (6. – oktober) Saksnummer 21-119494MED-TTRO/TTRD

 

Vestfold tingrett

Ein mann er tiltalt for motarbeiding av rettsvesenet. Mannen skal ifølgje tiltalen gjennom å senda e-postar og ved telefonar trua advokaten sin, ein tingrettsdommar og andre aktørar. Det vil bli  lagt ned påstand om kontaktforbod overfor alle fornærma i saka. (7. – 8. oktober) Saksnummer 21-073738MED-TVES/TLAR

Til toppen