Dette skjer i domstolane: Veke 15

Kim Heger er dommer i saken i Oslo tingrett der to menn er tiltalt for terrorfinansiering. Her er Heger frå Erik Jensen-saken i 2017. Foto: Foto: Vidar Ruud / NTB

Dette er nokon av sakene i nokon av domstolane i landet denne veka. Du kan sjølv sjå liste over alle saker i dei forskjellige domstolane i landet på denne siden. Høgsterett legg også ut informasjon om dei kommande sakene sine her.

Agder lagmannsrett
Lagmannsretten behandlar anke over dom i sak om forsikringsdekning etter husbrann. (13-20.april) Saksnummer 20-017390ASD-ALAG

Lagmannsretten behandlar òg denne veka ein anke over dom i sak mot Arendal kommune. Saka gjeld erstatning til tidlegare elev grunna mobbing. (8-15. april) Saksnummer 20-077647ASD-ALAG

Aust –Agder tingrett
Ei kvinne er tiltalt for forsikringsbedrageri. Den tiltalte teikna forsikring for alvorleg sjukdom, men let vere å nemna ved inngåinga at ho kort tid forut for dette allereie hadde fått påvist sjukdom.  Tiltalen fortel at kvinna sette fram krav om utbetaling etter nærare to år. (14.april) Saksnummer 21-026032MED-AUAG

Ein mann er tiltalt for grovt narkotikaregelbrot. I tiltalen kjem det fram at mannen tok vare på over tre kilo amfetamin i tillegg til mindre mengder hasj, heroin og narkotiske tablettar. (13.april) Saksnummer 21-033758MED-AUAG

Bergen tingrett
Ein mann er tiltalt for grovt bedrageri mot NAV. Mannen skal ifølgje tiltalen i ein periode frå 2017 til 2019 via elektroniske meldekort opplyst at han hadde arbeidd 454 timar sjølv om han faktisk hadde arbeidd og mottatt løn for 2609,5 timar i perioden. Dei uriktige opplysningane på meldekorta danna grunnlag for automatisk utrekning av dagpengar og medførte at han urettmessig fekk utbetalt over 500.000 kroner. (12.april) Saksnummer 20-170182MED-BERG/2

Tingretten behandlar straffesak om grovt rekneskapsregelbrot. I eigenskap som dagleg leiar og leiaren for styret er ein mann tiltalt for å ha late vere å føra eller sørga for føring av fullstendig og ajourført rekneskap for verksemda. I perioden er det overført minst 22 millionar til kontoane til selskapet. Regelbrotet har dermed vanskeleggjort Skatteetatens fastsettelse av skatt og meirverdiavgift. (15.april) Saksnummer 21-004428MED-BERG/6

Borgarting lagmannsrett
Lagmannsretten har ankeforhandling i gruppesøksmål mot Staten ved Helse- og omsorgsdepartementet. Saka gjeld krav om yrkeskvalifikasjonar som psykolog etter psykologiutdanning i Ungarn. (13-23.april) Saksnummer 19-189917ASD-BORG/03

Drammen tingrett
Ein mann er tiltalt for vald, truslar, mishandling og drapsforsøk på den tidlegare kona si. I følgje tiltalen føregjekk mishandlinga over fleire år. Den fornærma budde på krisesenter då mannen overfall og knivstakk henne. Dette resulterte i alvorlege skadar på den fornærma. (7-15.april) Saksnummer 21-025077MED-DRAM

Ei kvinne er tiltalt for tjuveri av narkotiske tablettar frå to arbeidsgivarar. I følgje tiltalen arbeidde kvinna som sjukepleiar og hadde tilgang til medisinrom der medikament av type A (morfinpreparat) blir tatt vare på. Kvinna borttok ei rekke medikament meint for smertelindring.
(14-15.april) Saksnummer 21-019214MED-DRAM

Hallingdal tingrett
Tingretten har hovudforhandling i tvistesak mellom Hol kommune og part i krav om erstatning etter dekningssal av Dagali lufthamn. (13-14.april) Saksnummer 20-164567TVI-HALL

Nordmøre tingrett
Ein mann er tiltalt for fleire tilfelle av seksuell omgang med barn under 14 år i rett nedstigande linje. Mannen er òg tiltalt for over 100 tilfelle av medverknad til at nokon har seksuell omgang med barn ved at han via Skype og andre media med oppfordring sørgd for at det vart begått seksuelle overgrep. Tiltalte filma òg desse overgrepa. Fleire av barna var ifølgje tiltalen svært unge. (12. april – 14.mai) Saksnummer 20-139411MED-NOMO

Noregs Høgsterett
Høgsterett behandlar anke over dom i sivilsak. Sakstema er internasjonal privatrett. Om lovval ved oppreisningserstatning i straffesak etter valdtekt. (15.april) Saksnummer 20-160019SIV-HRET

Oslo tingrett
Ein mann er tiltalt for sju drapsforsøk ved at han køyrde ein ambulanse i høg fart opp på fortauet mot fleire personar. Ifølgje tiltalen trua han ambulansen til seg ved å retta ei avsaga hagle mot ambulansearbeidarane. (12– 30. april) Saksnummer: 20-185823MED-OTIR

To menn er tiltalte for terrorfinansiering. Dei skal ifølgje tiltalen ha skaffa og overført fleire hundre tusen kroner til ISIL i Syria i 2017 (13. april – 5. mai) Saksnummer: 20-177663MED-OTIR

Tingretten behandlar tvistesak mellom Norwegian Air Shuttle ASA og Skatteetaten. Saka gjeld gyldigheita av tre vedtak fatta av skatteklagenemnda om interne pengeoverførsler i Norwegian-konsernet. (12-21.april) Saksnummer: 20-094310TVI-OTIR

Romsdal tingrett
Ein mann med per tid ukjend tilhaldsstad er tiltalt etter straffelovas § 386 for å frakta ein BMW 318D personbil til Romania sjølv om Sparebank I SMN Finans AS hadde salspant i bilen og bilen er attrådd tilbakelevert. (15.april) Saksnummer 20-161344MED-ROMS

Stavanger tingrett
Stavanger tingrett behandlar tvistesak mellom partar i sak om krav om erstatning grunna tilegnelse og distribusjon av forretningshemmeligheiter og brot på lojalitetsplikta. (7-12. april) Saksnummer 20-106612TVI-STAV

Sunnmøre tingrett
Ein mann er tiltalt for motarbeiding av rettsvesenet. I følgje tiltalen skal mannen i ei anna straffesak peika på eit vitne og sagt "når du kjem inn der, så held du kjeft", eller liknande. Seinare i det vitnet inntok vitneboksen vende han seg mot vitnet og gjorde eit hysj-tegn ved å legga peikefingeren over leppene. (16.april) Saksnummer 21-029689MED-SUMO

Søndre Østfold tingrett
Ein mann er tiltalt etter straffelovas § 282 for ved truslar, tvang, fridomsberøvelse, vald eller andre krenkingar, alvorleg eller gjentatt å ha mishandla slektningen sin i rett nedstigande linje. (14-16.april) Saksnummer 21-010734MED-HALD/

Trøndelag tingrett
Ein mann står tiltalt for fleire brot på dyrevelferdslova. I følgje tiltalen skal mellom anna mannen stengt inne hunden sin i kjellaren over fleire dagar der det ikkje var belysning og det var dårleg luftkvalitet. (13.april) Saksnummer 21-039323MED-STRO

Til toppen