Dette skjer i domstolane: Veke 49

Denne uka starter hovudforhandlinga i saken om minnestad ved Utøya-kaia i Ringerike tingrett. Bildet er fra byggearbeidet med Utøya i bakgrunnen. Foto: Vidar Ruud / NTB

Dette er nokre av sakene i eit utval av landets domstolar denne uka. Du kan sjølv sjå liste over alle saker i dei forskjellige domstolane i landet på denne siden. Høgsterett legg også ut informasjon om sine kommende sakar her.

Aust-Agder tingrett

To menn og ei kvinne er tiltalte for grov korrupsjon. Korrupsjonen er grov fordi det blir lagt vekt på at ein av dei tiltalte er offentleg tenestemann. (30 november – 18 desember, Saksnummer 20-110615MED-AUAG)

Borgarting lagmannsrett

Borgarting lagmannsrett behandlar ei bevisanke i ei sak som handlar om straffelova paragraf 193. Saka handlar om at nokon har skaffa seg seksuell omgang ved misbruk av avhengigforhold eller tillitsforhold.( 2 – 4 desember, saksnummer 20-083685AST-BORG/02)

Gjøvik tingrett

Dagleg leiar ved Metallco Aluminium er tiltalt for brot på arbeidsmiljølova under særleg skjerpande omstende etter at ein smelteomn eksploderte i fabrikken. To personar omkom i ulykka.(30 november – 8. januar 2021, saksnummer 20-036347MED-GJOV)

Hedmarken tingrett

Ein mann er tiltalt for aktlaust å ha valda ein annan betydeleg skade i trafikken. Ifølge tiltalen har mannen skulda for kollisjon mellom køyretøyet sitt og ein motorsykkel i samband med ei forbikøyring. Kollisjonen medførte at føraren av motorsykkelen fekk omfattande brotskadar og måtte  gjennomgå ein langvarig rekonvalesens. (3. desember, saksnummer 20-097456MED-HEDM)

Inntrøndelag tingrett 

Ein mann og ei kvinne er tiltalt for grov omsorgsunndraging, eller medverknad til dette, ved at dei har tatt med ein mindreårig ut av landet og dermed ulovleg har unndratt vedkomande frå nokon som hadde foreldreansvar. (1. – 3. desember, saksnummer 20-048120MED).

Kongsberg og Eiker tingrett

Ein mann er tiltalt for grovt heleri. Han skal ifølge tiltalen mellom anna ha latt andre bruke namnet og kontoane hans til å gjere ei rekke bedrageri for over kr. 500.000 på FINN.(2. desember, saksnummer 20-126012MED-KOEI/02)                                                                                                                                     

Nedre Romerike tingrett

Ei kvinne er tiltalt for å ha meldt ei straffbar handling som ikkje var gjort. Kvinna hevda at ho blei valdtatt av ein framand person trass i at hendinga ikkje hadde skjedd. (30.november-1.desember, saksnummer 20-125594MED-NERO)

Oslo tingrett

Tre menn er tiltalte for å ha valda fridomstap. Ifølge tiltalen skal dei ha ført ein mann til ei leilegheit, bunde hendene hans, teipa over munnen hans og slått han med forskjellege slagvåpen. (30. november – 2. desember + 7. og 11. desember, saksnummer: 20-130026MED-OTIR)

Tvistesak: Trondhjemsveien 110 AS – W B Samson AS.Trondhjemsveien 110 AS krev innbetalt uteståande husleige på over 1,6 mill. kr, og at W B Samson flytter ut av lokala dei leiger. (30. november – 1. desember , saksnummer, 20-068370TVI-OTIR)

Ringerike tingrett

Hovudforhandling i tvistesak om minnestad ved Utøyakaia i Hole kommune. Partar er Staten og Arbeidernes Ungdomsfylking mot naboane som bur rundt det planlagde minnesmerket.  (30.november-11. desember, saksnummer 20-100356TVI-RING)

Sør –Trøndelag tingrett

Ein mann er tiltalt for drapsforsøk. Tiltalte skal ha fyrt av to skot med ein pistol i kaliber 45 på nært hald mot ein annan person. (30.november-4.desember, Saksnummer 20-119576MED-STOR)

Vestfold tingrett

Ein mann er tiltalt for å ha oppbevart 60 gram amfetamin i bustaden sin. Han er også tiltalt for vald og heleri.  Saka har ei strafferamme over 6 år. (1-3.desember, saksnummer 20-165458MED-VEFO/SA)

 

 

Til toppen