Dette skjer i domstolane: Veke 19

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Dette er nokon av sakene i nokon av domstolane i landet denne veka. Du kan sjølv sjå liste over alle saker i dei forskjellige domstolane i landet på denne siden. Høgsterett legg også ut informasjon om dei kommande sakene sine her.

Agder tingrett
Ein mann er tiltalt for fleire tilfelle av trugslar og bedrageri. Mannen er mellom anna tiltalt for å oppretta fleire kundeprofilar og fekk på den måten Riks-TV til å levera han 40 Apple-TV til ein samla verdi av nærare 80.000 utan at han hadde til hensikt å betala for desse. (11.-12. mai) Saksnummer 21-045850MED-TAGD/TFAR

Haugaland og Sunnhordland tingrett
Tingretten behandlar sak i klage over namsmannens avgjerd om utlegg i sak. (14. mai)
Saksnummer 20-177612TVA-THOS/

Hordaland tingrett
To menn står tiltala i tingretten for forsøk på grov utpressing. Ifølgje tiltalen freista dei å få fornærma til betala til seg mellom 350.000 og 1,4 millionar kroner, minst 100.000 kroner skulle leverast allereie den følgjande dagen. Ifølgje tiltalen gjennomførte dei dette ved å setja fram ein trussel om at dei ville gi eit ufordelaktig lydopptak av fornærma til politiet og/eller til den fornærma sin familie. (10.-11. mai) Saksnummer 20-181039MED-THOD/2

Ein mann er tiltalt for brot på Dyrevelferdslova. Ifølgje tiltalen påførte han hunden sin smertefulle sår på rygg, nakke, øyre og kne ved bruk av varmt vatn, etsande væske eller liknande. I tillegg er han tiltalt for å ha late vere å sørgja for veterinærbehandling sjølv om hunden var alvorleg skadd. (10.-11. mai) Saksnummer 21-019657MED-THOD/3

Ein ung mann er tiltalt etter straffelovas § 292 for å hatt seksuell omgang med nokon som var medvitslaus eller av andre grunnar ute av stand til å motsetja seg handlinga. (12. mai) Saksnummer 20-168898MED-THOD/1

Ein tvistesak blir behandla i tingretten over fastsettelse over erstatningsansvar og utbetaling av erstatning etter ei trafikkulykke. (12. mai) Saksnummer 21-005780TVI-THOD/1

Møre og Romsdal tingrett
Ein mann er tiltalt for kroppsskade mot ein annan. Den fornærma vart ifølgje tiltalen slått i ansiktet av den tiltalte slik at han fekk omfattande tannskadar. Skadane fornærma vart påførte inneber ein risiko for framtidig tap av tennene. (11. mai) Saksnummer 21-026952MED-TMOR

Oslo tingrett               
Ein mann er tiltalt for grov utpressing av sin adoptivfar. Ifølgje tiltalen skal han ha freista å tvinga adoptivfaren til å overføra ca. 500.000 kroner i forskot på arv. (10.-11. mai) Saksnummer: 20-183580MED-TOSL

Tre gutar er tiltalte for å ha trua ein person med machete og rana han i eit skogholt i nærleiken av ein T-banestasjon. Dei er òg tiltalte for å bere machete ved fleire andre høve.
(10.-19. mai) Saksnummer: 21-042280MED-TOSL

Ein mann er tiltalt for å ha narra to personar til å gi frå seg bank-id og personleg passord, og tatt opp høvesvis 250.000 kroner og 100.000 i kreditt. (12. mai) Saksnummer: 21-041468MED-TOSL

Tingretten behandlar òg ein tvistesak denne veka mellom Narvik Ishockeyklubb og Norges Ishockeyforbund. Narvik Ishockeyklubb krev at vedtaket til Norges Ishockeyforbund av 24. mars 2021 blir sett ut av kraft i eitt år eller til det gjeld ei rettskraftig avgjerd. Saka har bakgrunnen sin i at Fjordkraftligaen/eliteserien vart avslutta halvvegs i sesongen 2020 på grunn av pandemien. Basert på resultata i serien på dette tidspunktet, vart det bestemt at Narvik skulle rykka ned ein divisjon. (12. mai) Saksnummer 21-062300TVI-OTIR

Ringerike, Asker og Bærum tingrett
Ein mann er tiltalt for trugslar og brot på besøksforbod. Mannen skal ifølgje tiltalen mellom anna sendt fleire truande e-postar til ein rektor ved ein skule der sonen hans gjekk. (12. mai) Saksnummer 21-004235MED-TRAB/TSAV

Romerike og Glåmdal tingrett
Tre menn er tiltala for ulovleg å ha tatt vare på narkotika eller medverka til dette. Ein av mennene er tiltala for å ha tatt vare på nærare 3 kilo marihuana, og aller tre er tiltalte for oppbevaring av over 2 kilo ecstasy tablettar. (6-10. mai) Saksnummer 21-022673MED-TROG/TLST

Ein mann er tiltalt for fleire brot på Straffeloven. Den tiltalte skal ha skote med ei Remington rifle ved fleire tilfelle mot fleire hus det var folk i. Skota gjekk gjennom husveggen. Mannen er òg tiltalt for å ha tatt vare på fleire våpen og høgeksplosiv C4 i nattbordet. Tilleggstiltalar er ruskøyring, bruk av narkotika og tjuveri av våpen. /11-21. mai) Saksnummer 21-033092MED-TROG/TLST

Ein mann er tiltala for grovt heleri. Mannen skal ifølgje tiltalen stilt sin bankkonto til disposisjon, og på den måten motteke over 300 000 kr som han i følgje tiltalen visste var utbytte frå straffbare handlingar. (12. mai) Saksnummer 20-185631MED-TROG

Søndre Østfold tingrett
Ein ung mann er tiltalt etter Straffelovens § 281 - for uaktsamt å ha forvalda ein annans død. Mannen køyrde ifølgje tiltalen bil utan å ha gyldig førarkort. Han var ikkje tilstrekkeleg oppmerksam og mista kontrollen over bilen. Ein person døydde som følgje av skadane ho vart påført ved påkøyringa. (10-11. mai) Saksnummer 21-015209MED-TSOS/TMSS

Sør- Rogaland tingrett
Ei kvinne er tiltalt for grovt bedrageri mot NAV. I ein periode mellom 2017 og 2019, og med registrert bustadadresse i Noreg, søkte ho om og mottok trygdeytingar frå NAV. Mor og barn oppheldt seg ifølgje tiltalen i utlandet der også faren til barnet var busett. Kvinna har ifølgje tiltala i perioden uheimla mottatt overgangsstønad, utvida barnetrygd, barnetrygd og kontanttrygd. Samla utgjer dette over 300 000 kroner. Forholdet blir sett på som grovt, på bakgrunn av storleiken på beløpet og at det er begått over ein lengre periode. (12. mai) Saksnummer 21-012013MED-TSRO/TSTA

Trøndelag tingrett
Det blir mellom anna halde to førebuande rettsmøte i tingretten denne veka. Den eine saka omhandlar grov kroppskrenking der den fornærma ifølgje tiltalen vart dytta slik at han fall og slo hovudet mot asfalten. Skaden medførte brot på hovudskallen og hjernebløding. I eit anna førebuande rettsmøte er ein mann tiltalt for hallikverksemd. Mannen skal ved fleire høve formidla kontakt mellom prostituerte og kjøparar av dei prostituertes seksuelle tenester. (12. mai) Saksnummer 21-057155MED-TTRO/TSTE og Saksnummer 21-054700MED-TTRO/TTRD

Vestfold tingrett
Ein mann er tiltalt for drap. I tiltalen blir det beden om at mannen blir dømd til forvaring i medhald av straffelova §40, jf. § 43, med ei tidsramme på 21 år. (10.-31. mai) Saksnummer 21-018981MED-TVES/TTON

Vestre Finnmark tingrett
Ein mann er tiltalt for ei rekke lovbrot. Den tiltalte skal ved to tilfelle ha tatt vare på amfetamin. Regelbrotet er grovt fordi det særleg blir lagt vekt på kva slags stoff det gjeld og mengda. Han skal òg vore i rådvald av eit skytevåpen. Han er vidare tiltalt for trugslar mot ein offentleg tenestemann, for å ha køyrt bil i påverka tilstand, for ved tre tilfelle å ha køyrt bil utan gyldig førarkort, for to tilfelle av å ikkje å stoppa for politiet, eit tilfelle for å ha slått ein annan fleire gangar i andlet og overkropp med knyttneve og med flat hand, og til slutt for å ha tatt vare på eksplosivar utan løyve. (11-12. mai) Saksnummer 21-060934MED-TVFI/TALT

Vestre Innlandet tingrett
Ein mann er tiltalt for trugslar eigna til å framkalla sterk frykt. Etter å ha rasert bustaden sin, trua med å drepa og/eller ta sambuaren sin, losna den tiltalte skot med eit skytevåpen ute på gardsplassen. I tillegg kjem ei tiltale for ruskøyring. (11. mai) Saksnummer 21-034921MED-TVIN

 

Til toppen