Koronahandtering i jordskifteretten

Smittevern er viktig også ute på synfaring.
Smittevern er viktig også ute på synfaring. Foto:Nord- og Sør-Trøndelag jordskifterett

I jordskifteretten er det ofte mange partar involvert i sakene. Smittevern kan derfor by på ekstra utfordringar når partane skal møtast til synfaring og rettsmøte.

Oda Buhaug, jordskifterettsleiar i Nord- og Sør-Trøndelag jordskifterett, fortel at dei er opptatt av å informere godt om smittevern.

– Vi er opptatt av å opplyse om smittevern, spesielt ved synfaringar. Det er fort gjort å gløyme seg når ein er ute på synfaring og gjerne er ekstra ivrige. Vi opplyser om at alle må halde minst éin meter avstand til kvarandre, at ingen skal dele pennar eller anna utstyr. Alle får også beskjed om at møte kan bli avlyst eller flytta på grunn av reglane om smittevern, fortel Buhaug.

Ute på synfaring.
Ute på synfaring. Foto: Nord- og Sør-Trøndelag jordskifterett

Færre utfordringar no

I starten av pandemien var det større utfordringar med å få gjennomført synfaringar og rettsmøte enn det er no.

– Det var mest utfordrande i starten når koronasmitten kom. Ved starten av pandemien kunne maksimum fem personar møtast. Då måtte vi avlyse ein del synfaringar og møte. Men etter at det blei  opna opp litt, blei det enklare for oss å gjennomføre saker. Vi har klart å halde produksjonen i gang. Vi har funne løysingar, seier Buhaug.

Jordskifteretten har ikkje faste rettslokale, så det er den enkelte kommunen som har ansvaret for dei møteromma retten bruker.

– Kommunane er flinke til å setje ut sprit, sørgje for smittevern og la oss bruke lokale der vi kan overhalde reglane om smittevern, seier Buhaug.

Løysingsorienterte

Oda Buhaug, jordskifterettsleiar i Nord- og Sør-Trøndelag tingrettJordskifteretten er van med å gjennomføre rettsmøte og meklingar kvar som helst. Det kjem godt med no under pandemien, spesielt når møtelokalet dei har leigt blir stengt på kort varsel.

– Vi har ikkje kontroll med alt. Det har hendt at kommunen har stengt møtelokale på kort varsel på grunn av lokale reglar om smittevern. I ei av sakene våre måtte vi ringe til partane og seie frå at møtet ikkje kunne haldast i kommunestyresalen. Då møttest partane i staden på verandaen til ein av partane. Partane er smidige, og vi har vore smidige, fortel Buhaug.

Digitale rettsmøte

Rettsmøta i Nord- og Sør-Trøndelag jordskifterett går stort sett som før. Men dei har også blitt vane med å halde digitale rettsmøte.

– Det som er endra er at enkelte rettsmøte blir gjennomført digitalt. Vi har ein del digitalt utstyr som bidrar til at vi kan gjennomføre digitale rettsmøte. Digitale løysingar er spesielt aktuelt for folk i risikogruppene og for dei som har lang reise til rettsmøtelokalet, fortel Buhaug.

Den største utfordringa er dei sakene som involverer særleg mange partar. I slike saker kan det vere vanskeleg å finne møtelokale som tilfredsstiller reglane om smittevern. Samtidig er det ei grense for kor mange partar vi klarer å handtere i eit digitalt rettsmøte. Blir det for mange partar, må vi utsetje saka, seier Buhaug.

Gir opplæring

– Vi bruker mykje tid på opplæring i samband med digitale rettsmøte. Dette er jo ikkje profesjonelle partar. Det er ikkje alle som har PC heller. Då kan vi kople dei til rettsmøtet via telefon, seier Buhaug.

– Eg vil rose alle medarbeidarane for at dei har klart å handtere den situasjonen som har vore, og at dei har klart å finne smidige og alternative løysingar, avsluttar Buhaug.

Til toppen