Fastsetjing av minstetid og tilståingsfrådrag ved forvaring
Høgsteretts dom 4. desember 2019, HR-2019-2258-A, (sak nr. 19-131162STR-HRET), straffesak, anke over dom.
A (advokat Øystein Ola Storrvik) mot Påtalemakta (konstituert statsadvokat Sturla Henriksbø)
Dommarar: Webster, Matheson, Bull, Østensen Berglund, Steinsvik
Høgsterett reduserte minstetida noko i forhold til lagmannsrettens dom, men heldt fast ved at det ikkje skulle gjerast frådrag for tilståing og lang saksbehandlingstid, i ei forvaringsdom der tidsramma var sett til 20 år. Domfelte var funne skuldig i forsettleg drap og ei rekkje andre alvorlege forhold.
Saken gjaldt forvaringsstraff for fleire alvorlege brotsverk og reiste for det første spørsmål om fastsetjing av minstetid ‒ den tid som må gå før det kan bli aktuelt med prøveløyslating ‒ når dei straffbare forholda var gjort dels før og dels etter ei lovendring som skjerpa reglane om minstetid. Høgsterett kom til at ein måtte sjå bort frå dei straffbare forholda som var gjort før lovendringa, når minstetida skulle fastsettast. Dette følgde etter Høgsteretts syn av forarbeidsutsegner knytt til lovendringa. Det var dermed ikkje naudsynt å ta stilling til om ein anna løysing ville ha vore i strid med tilbakeverknadsforbodet i Grunnloven § 97.
Vidare var det spørsmål om frådrag for tilståing og lang saksbehandlingstid når dei straffbare forholda er så alvorlege at straffa, dersom den alternative ordinære fengselsstraffa hadde vore fastsett utan omsyn til lovas maksimumsgrense, ville ha overstige denne grensa sjølv etter frådrag fastsett på vanleg måte. Høgsterett uttalte at det uansett måtte vere mogleg å gi frådrag, men kom til at det ikkje var grunnlag for det i denne saka.
Dommen gir rettleiing om fastsetting av minstetid ved forvaring, og om frådrag for tilståing og lang saksbehandlingstid i saker der lovas regler om maksimumsstraff kjem til bruk.