Fellesstraff ved narkotikalovbrot

Høgsteretts dom 18. september 2019, HR-2019-1757-A, (sak nr. 19-75880STR-HRET), straffesak, anke over dom. 

A (advokat Øystein Ola Storrvik) mot Påtalemakta (førstestatsadvokat Lars Erik Alfheim)

Dommarar: Endresen, Matheson, Falch, Østensen Berglund, Steinsvik

Domfelte hadde gjort seg skuldig i narkotikalovbrot i prøvetida for ein tidlegare dom om fengsel på vilkår. Vilkåret var at han gjennomførte narkotikaprogram med domstolskontroll.

Det skulle då fastsetjast fellesstraff for alle lovbrota, jf. straffelova § 37 tredje ledd. Høgsterett fastsette straffa til fengsel i tre og eit halvt år. Domfelte vart godskriven for delvis gjennomføring av narkotikaprogrammet. Fellesstraffa vart sett lågare enn det ei summering av straffa for dei nye lovbrota og reststraffa i den tidlegere dommen skulle tilseie.

Dommen gir rettleiing for korleis fellesstraff skal utmålast i tilfelle der vilkåra i ein tidlegare dom på vilkår er brote, og der eitt av vilkåra er at domfelte gjennomfører narkotikaprogram med domstolskontroll.

Les heile avgjerda