Gyldigheita av orskurd i Trygderetten om arbeidsavklaringspengar
Høgsteretts dom 8. juni 2020, HR-2020-1193-A, (sak nr. 19-179445SIV-HRET), sivil sak, anke over dom
A (advokat Silje Elisabeth Stenvaag) mot Staten v/Arbeids- og velferdsdirektoratet (Regjeringsadvokaten v/advokat Jørgen Aandal Vangsnes)
Dommarar: Møse, Normann, Bergsjø, Arntzen, Steinsvik
Spørsmålet i saka var om vilkåret i folketrygdlova § 11-5 om at medlemmen har fått «arbeidsevnen nedsatt», stiller krav til varigheita av den nedsette arbeidsevna.
Den ankande parten blei sjukmeld frå deltidsstillinga si som kasserar på grunn av akutte ryggsmerter, men kom tilbake i jobb etter ein sjukmeldingsperiode på litt over tre månader. Ho oppfylte ikkje inntektskravet for sjukepengar, og sette derfor fram krav om arbeidsavklaringspengar. Nav avslo kravet fordi perioden med nedsett arbeidsevne ikkje hadde vore lang nok, og la avgjerande vekt på at den ankande parten hadde komme raskt tilbake i jobb. Trygderetten stadfesta vedtaket.
Høgsterett kom til at vilkåret om at medlemmen må ha fått arbeidsevna nedsett i ein slik grad at vedkommande blir hindra i å behalde eller skaffe seg inntektsgivande arbeid, inneber eit krav om at nedsettinga må ventast å få ei viss varigheit, men fann ikkje grunnlag for å stille bestemte krav til den tidsmessige varigheita. Vilkåret om nedsett arbeidsevne i § 11-5 må sjåast i samanheng med vilkåra om behov for bistand i § 11-6. Om arbeidsevna er nedsett i tilstrekkeleg grad, bygger elles på ei brei og samansett vurdering etter § 11-5 andre ledd, der forholda ved helsetilstanden er utgangspunktet, men ikkje aleine avgjerande.
Orskurden blei kjend ugyldig da Trygderetten hadde tatt eit for snevert utgangspunkt ved vurderinga av vilkåret om nedsett arbeidsevne i § 11-5.
Avgjerda klargjer tolkinga av vilkåret om nedsett arbeidsevne i folketrygdlova
§ 11-5.