Redusert straff for ein mann som var dømt for trugslar mot fleire personar samt enkelte andre lovbrot
Høgsteretts dom 6. februar 2020, HR-2020-294-A, (sak nr. 19-166002STR-HRET), straffesak, anke over dom.
A (advokat Arild Christian Dyngeland) mot Påtalemakta (førstestatsadvokat Eirik Stolt-Nielsen)
Dommarar: Indreberg, Bull, Bergsjø, Ringnes, Høgetveit Berg
Ein stor og kraftig mann hadde i løpet av ein kveldstime sett fram trugslar mot tilsette i ein butikk, samt mot to kvinner han møtte tilfeldig på gata. Overfor dei butikktilsette hadde han i tillegg vist omsynslaus åtferd, den første kvinna han møtte på gata vart også dytta, medan den andre vart tatt frå ein mobiltelefon. Dei mest alvorlege trugslane vart sett fram mot kvinna som vart dytta. Ho trudde at han skulle drepe henne, og har hatt langvarige etterverknader. Tingretten dømte mannen til fengsel i seks månader. Lagmannsretten skjerpa straffa under dissens til fengsel i eitt år og seks månader, der seks månader var på vilkår. Lagmannsrettens fleirtal låg vekt på ei samanlikning med ran. Høgsterett fastsette straffa til fengsel i eitt år, det same som aktors påstand i tingrett og lagmannsrett.
Dommen gir rettleiing om straffutmålinga for ulovlege trugslar, og om i kva slags grad retten kan trekke samanlikningar med straffebod som tiltalte ikkje vert dømt etter, når straffa skal fastsetjast.