Straff for brot på naturmangfaldlova og vassressurslova
Høgsteretts dom 6. mai 2020, HR-2020-955-A, (sak nr. 19-187889STR-HRET), straffesak, anke over dom.
Barlindbotn Settefisk AS (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Påtalemakta (statsadvokat Magne Nyborg)
Dommarar: Øie, Falkanger, Bergsjø, Arntzen, Bergh
Eit selskap som produserer laksesmolt på Vestlandet, var i lagmannsretten dømt for brot på naturmangfaldlova og vassressurslova. Høgsterett var einig i at vilkåra for straff var oppfylte, og anken frå selskapet blei forkasta.
Selskapet har rett til å tappe ferskvatn frå eit nærliggande vatn til bruk i produksjonen, men berre ned til ei angitt grense. I ein tørkeperiode hausten 2014 tappa selskapet meir vatn enn det som var tillate, noko som førte til tørrlegging av eit større område og til at smådyr og planter døydde. Høgsterett kom til at straffeføresegnene i naturmangfaldlova og vassressurslova var brotne, og at lovkravet ikkje var til hinder for domfelling. Høgsterett meinte det ikkje var grunnlag for straffridom på grunn av nødrett eller bortfall av straff på grunn av forelding.
Dommen gir særleg rettleiing om vilkåra for nødrett og for bortfall av straff på grunn av forelding.