Ruspåverka køyring – uriktig utferda førelegg får lite å seie for straffutmålinga

Høgsteretts dom 15. juni 2022, HR-2022-1179-A, (sak nr. 21-163525STR-HRET), straffesak, anke over dom.

Ein mann køyrde bil medan han var påverka av amfetamin, og fekk eit førelegg på 8 000 kroner. Den sikta vedtok ikkje førelegget, og saka blei send til retten. Påtalemakta oppdaga da at straffa skulle vore sett til fengsel utan vilkår i tillegg til bot, fordi den sikta hadde køyrt under ruspåverknad fleire gonger tidlegare.

Høgsterett understrekar at domstolane ikkje er bundne av den straffa som er angitt i førelegget. Men om den sikta på bakgrunn av førelegget hadde grunn til å forvente ei vesentleg mildare behandling enn det som er riktig straff, kan dette få stor betydning ved straffutmålinga, sjå Høgsteretts tidlegare avgjerd i HR-2021-797-A. Når forholdet, som i denne saka, ikkje kan avgjerast med førelegg og riktig straff er fleire månaders fengsel, har feilen som påtalemakta har gjort, lite å seie for fastsettinga av straffa.

Riktig straff var i dette tilfellet fengsel i 90 dagar, ei bot på 10 000 kroner og tap av føreretten i eitt år. På grunn av det feilaktige førelegget blei 30 dagar av straffa gjorde til vilkårsstraff.

Dommen avklarer betydninga av uriktig utferda førelegg ved fastsetting av straff i retten.

Les heile avgjerda

Rettsområde: Strafferett

Nøkkelavsnitt: 24, 25

Partar og prosessfullmektigar: A (advokat Bendik Falch-Koslung) mot Påtalemakta (statsadvokat Hulda Olsen Karlsdottir)

Dommarar: Matheson, Noer, Kallerud, Berglund, Thynnes