Frifinninga i lagmannsretten for grov korrupsjon i Tjøme-saka blir oppheva
Høgsteretts dom 27. juni 2022, HR-2022-1278-A, (sak nr. 22-008247STR-HRET), straffesak, anke over dom.
Lagmannsretten fann det bevist at ein arkitekt, utan å krevje betaling, hadde gitt arkitekttenester til ein verdi av 28 000 kroner til leiaren av byggesaksavdelinga i tidlegare Tjøme kommune. Avdelinga behandla byggesaker frå arkitektfirma som arkitekten arbeidde for. Dei to blei likevel frifunne for tiltalen om grov korrupsjon. Retten kom til at det ut frå det strenge beviskravet i strafferetten ikkje kunne utelukkast at tenestene blei gitt til avdelingsleiaren som privatperson utan å ha nokon samanheng med stillinga hans.
Høgsterett er kommen til at lagmannsretten bygde på ei uriktig lovtolking. Lova krev for domfelling at ein fordel er gitt «i anledning av» stillinga til mottakaren. Det er dermed krav om ei tilknyting eller ein samanheng mellom ytinga av ein fordel og stillinga mottakaren har. Denne tilknytinga må ha ein viss styrke og vere tydeleg. Det var likevel feil at lagmannsretten hadde stilt krav om årsakssamanheng og ut frå dette bygd på at det må kunne utelukkast at fordelen ville blitt gitt dersom mottakaren ikkje hadde hatt den aktuelle stillinga.
I og med at frifinninga bygde på ein uriktig lovbruk, blir dommen i lagmannsretten oppheva. Saka må dermed behandlast på nytt i lagmannsretten.
Dommen avklarer rekkevidda av korrupsjonsføresegna i tilfelle der det også er ein privat relasjon mellom givar og mottakar.
Rettsområde: Strafferett. Korrupsjon
Nøkkelavsnitt: 51, 55, 64–66
Partar og prosessfullmektigar: Påtalemakta (kst. førstestatsadvokat Esben Kyhring) mot A, B (advokat Anders Morten Brosveet)
Dommarar: Indreberg, Matheson, Noer, Ringnes, Bergh