Fastsetting av samvær mellom far og fire barn etter omsorgsovertaking
Høgsteretts dom 2. mars 2021, HR-2021-476-A, (sak nr. 20-138877SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
A (advokat John Christian Elden) mot X kommune (X kommune – Kommuneadvokaten v/advokat Stig Ravnestad)
Dommarar: Skoghøy, Noer, Ringnes, Østensen Berglund, Steinsvik
Barnevernsmyndigheitene hadde over lengre tid kontakt med ein familie med fire barn. Barna var utsette for vald frå far, og det var også vald mellom foreldra. Mor, som hadde psykiske vanskar, reiste tilbake til Afrika i juni 2017. Far ønskte ikkje rettleiing og hjelp frå barnevernsmyndigheitene. Barna er i dag i alderen frå ti til nærmare fem år gamle og blei plasserte i beredskapsheim i september 2018. Dei to eldste har budd saman i fosterheim sidan august 2019, og dei to yngste har budd saman i sin fosterheim sidan desember 2019. I samsvar med dommen i lagmannsretten var samværet mellom far og barn fire timar fire gonger i året for dei to eldste og tre timar fire gonger i året for dei to yngste.
Høgsterett baserte seg på dei rettslege utgangspunkta som det er gjort greie for i HR-2021-474-A og HR-2021-475-A. Høgsterett la til grunn at samvær i denne saka skal fastsettast med sikte på gjenforeining på noko lengre sikt. Ved vurderinga av om samvær ville utsette barna for urimeleg belastning, viste Høgsterett til at dei to eldste barna har fått PTSD og har gått til behandling for dette. Også dei to yngste er sårbare, og fleire av barna føler eit sterkt sakn etter mor, som far ikkje har villa hjelpe dei med å få kontakt med. Far snakkar dårleg norsk, og det er kommunikasjonsproblem med barna. Han vil ikkje ha rettleiing eller tolk under samværa. Høgsterett viste til at barna har behov for å finne ro og tryggleik i fosterheimane, og at far må medverke til at kvaliteten på samværa blir betre. Høgsterett kom til at samværet for dei to yngste skal aukast til seks gonger i året, og av dei skal samværa som skal vere med storesøskena, vare i fire timar. For dei to eldste er det ut frå dagens situasjon ikkje riktig å auke frå fire til seks gonger i året, men ambisjonen er å auke til dette. Målet må vere ytterlegare opptrapping dersom det er forsvarleg av omsyn til barna.
Dommen gir, saman med dei to andre avgjerdene om samvær som er gjorde same dag, retningslinjer for fastsetting av samvær etter omsorgsovertaking.