Høgsterettsprøva

Artikkel av høgsterettsjustitiarius Tore Schei, publisert i Advokatbladet nr 3/2008

I Advokatbladet nr. 1 for 2008 etterlyser leiaren for foreininga større offentleg innsyn i vurderingskriteria for høgsterettsprøva. Det er ikkje noko hemmeleg ved desse kriteria. Høgsterett gir på fleire måtar rettleiing om korleis opplegget av sakene og prosedyren bør vere, og det er dette advokatane blir prøvde mot.

Slik rettleiing og orientering er for det første gitt i dei orienteringane som blir sende til advokatane i alle saker som er viste til handsaming i Høgsterett, og som også er lagde ut i tilknyting til Høgsteretts heimeside – www.hoyesterett.no. I orienteringane er det gitt uttrykk for korleis saksførebuinga bør leggjast opp, det står om framlegging og bruk av hjelpedokument, om gjennomføring av foredraga og så vidare. Vidare har det no i ei årrekkje vore halde kurs om saksførebuing og prosedyre for Høgsterett, der to høgsterettsdommarar saman med ein svært røynd advokat har gått detaljert inn på korleis opplegget av saker for Høyesterett bør vere, og kva som er ein god prosedyre.

Det som derimot ikkje kan meislast ut presist, er kva som skal til for å greie prøva. Eit generelt utgangspunkt kan ein få ved å sjå på kvifor vi har høgsterettsprøva. Det er grunngitt i omsynet til Høgsterett og Høgsteretts oppgåver. Som prejudikatdomstol har Høgsterett behov for eit sikkert og tilstrekkeleg breitt rettsleg avgjerdsgrunnlag i sakene, og må sjølvsagt også få presentert det faktum den konkrete rettsbruken skal byggje på. Dette vil ikkje seie at oppgåva til advokaten er å gi Høgsterett ei objektiv framstilling av saka. Han eller ho skal sjølvsagt argumentere for det rettslege synet og det faktum parten er tent med, men argumentasjonen må ta høgd for og imøtegå rettslege og faktiske motargument. Det heile leier fram til ei totalvurdering av om advokaten er eigna til å gi Høgsterett det Høgsterett må ha for å løyse oppgåvene sine – jf. domstollova § 221 første ledd nr. 3 om at advokaten må ha ”vist seg skikket for sakførsel ved Høyesterett”. Dersom totalvurderinga er negativ, har advokaten ikkje greidd prøva.

I denne totalvurderinga inngår sjølvsagt ei rekkje vurderingsmoment:

Disposisjon: Foredraget må ha ein logisk disposisjon som gir ei god framstilling av saka. Det bør vere nedfelt i ein skriftleg disposisjon som er eigna til nettopp å vise kvar advokaten heile tida er i framstillinga si.

Framstilling av faktum: I nesten alle saker er det faktum som må gjennomgåast. Det er viktig at dette blir gjort på ein effektiv måte og på ein måte som gir retten det faktiske grunnlaget for avgjerda. Orienteringa gir nærmare rettleiing om korleis dette bør gjerast. Det må leggjast til at det er viktig at advokaten er kjend med faktum i detalj – også sider ved faktum som kan synast perifere, og som det derfor ikkje er aktuelt å gjere greie for med mindre motparten eller retten tek det opp.

Framstilling av rettsstoffet: Dei rettslege spørsmåla er det sentrale i dei aller fleste sakene for Høgsterett. Dei ulike rettskjeldene må gjennomgåast på ein oversiktleg og instruktiv måte. Det er viktig å unngå å vere for detaljorientert, for eksempel ved gjennomgang av forarbeid eller teori. Også her inneheld orienteringa råd om korleis denne framstillinga bør gjennomførast. Ikkje så få av dei sakene Høgsterett handsamar, reiser kompliserte og spesialiserte rettsspørsmål. Det er nødvendig at advokaten meistrar rettsstoffet på det aktuelle fagfeltet.