Vitne kan få vitnestøtte digitalt
Invalid Date

Alle som skal vitne i ei rettssak synest sannsynlegvis at det er både uvant og vanskeleg. Då kan det vere godt å ha nokon å snakke med, og som kan førebu deg på det som skal skje i retten. No kan også vitne snakke med vitnestøtte digitalt.
Årleg møter cirka 70 000 vitne i norske domstolar. Fleire tusen av desse får vitnestøtte frå frivillige frå Røde Kors. Det er mange som ikkje veit at det finst frivillige som tilbyr vitnestøtte når dei skal møte i retten.
– Nærare 90 prosent av dei som vitnestøttene våre snakkar med, har vitnestøttene sjølve oppsøkt i domstolen før eit rettsmøte skal starte. Då spør dei om dei som skal vitne har behov for å snakke med nokon før dei skal vitne. Dette fortel Kristoffer Seiersten som er fagansvarleg for vitnestøtte i Røde Kors.
Pandemien førte til digital vitnestøtte
Då pandemien kom våren 2020 blei det vanskeleg å få til vitnestøtte. Korleis skulle vitne få hjelp frå vitnestøtter når rettsmøta var digitale?
– Behovet for digital vitnestøtte oppstod ganske fort under pandemien. Hordaland tingrett og vi i Røde Kors ønska å tilby hjelp til vitne sjølv om rettssalane var stengde, så vi måtte finne ei løysing, seier Seiersten.
Løysinga blei eit pilotprosjekt saman med Hordaland tingrett og Gulating lagmannsrett. I starten var det ei drop-in-løysing der det alltid var ei vitnestøtte tilgjengeleg. Etter kvart såg Røde Kors behov for å starte med timebestilling.
– Då vi hadde drop-in, sat vitnestøttene halve vakter kvar utan å vite om det kom vitne som ønskte ein prat. No har vi begynt med timebestilling. Det gjer det enklare for å oss å disponere dei frivillige vitnestøttene slik at dei er på plass når det er vitne som har bestilt time, fortel Seiersten.
Eit tilbod til vitne i heile landet
Sjølv om alle domstolane tilbyr vitnestøtte, er det ikkje alle rettsstadane som har tilbodet i lokala sine. For dei er digital vitnestøtte eit godt tilbod.
– Tilbodet var i utgangspunktet meint for digitale vitne. Samtidig er dette eit godt tilbod for dei som skal møte på ein rettsstad der det ikkje er noko vitnestøtte i domstolen, seier Seiersten.
Seiersten trekkjer også fram andre fordeler med digital vitnestøtte.
– Ein av fordelane med at dette blir gjort digitalt, er at vi då kan snakke med vitne i god tid før saka kjem opp til behandling. Vi kan også snakke med dei etterpå dersom dei har behov for det. Det er eit element av beredskap her også. Ved større hendingar er det brått mange som skal inn og forklare seg i rettssaka etterpå. Då er den digitale vitnestøtta eit godt tilbod.
Få som veit om tilbodet
Det er få som bruker tilbodet. Det er plass til at mange fleire vitne kan bestille time. Sjølv om dei digitale vitnestøttene held til i Hordaland tingrett, er dei klare til å hjelpe vitne over heile landet.
– Digital vitnestøtte er ei verdifull teneste som gjerne kan brukast meir. Her må det gå ut informasjon til vitna via politiet, som kallar inn vitna, om at det er mogleg å snakke med vitnestøtte anten digitalt eller fysisk i domstolen, seier Ingjerd Espe som har ansvar for vitnestøtteordninga i Hordaland tingrett.
Espe opplever også at dei ofte får ros for tilbodet frå aktørane i retten.
– Aktorane er nøgde med den støtta Røde Kors gir til vitna. Det avlastar aktorane for mange spørsmål. Vi i Hordaland tingrett er også veldig godt nøgde med vitnestøttene våre.
Venteliste for å bli vitnestøtte
Det er meir enn nok vitnestøtte som er klare til å hjelpe. Røde Kors har sjeldan problem med rekrutteringa rundt omkring i landet. I Hordaland er det så populært å bli vitnestøtte at det står folk på venteliste.
– Vitnestøttegruppa i Hordaland har vakse mykje etter at vi fikk digital vitnestøtte. Vi har mange frivillige der, og mange studentar, særleg jus-studentar har blitt med etter at vi fikk eit digitalt tilbod,. Vi har 80 personar som står på venteliste. Det er uvanleg når vi snakkar om frivilligheit, fortel Seiersten.
Samtidig peikar Seiersten på at digital vitnestøtte ikkje er meint å erstatte det fysiske tilbodet i domstolane.
– Eg meiner at digital vitnestøtte ikkje skal vere ei erstatning for fysisk vitnestøtte i domstolane. Den fysiske vitnestøtta er den beste måten å hjelpe folk på. Digital vitnestøtte er ei utviding og forlenging av tilbodet som ikkje skal erstatte det fysiske, men som skal gjere det komplette tilbodet betre, fortel Seiersten.
Vil du vite meir om vitnestøtteordninga og om korleis du bestiller time, finn du informasjon om dette på denne sida om vitnestøtte.