Informasjon til skuleklassar
Tradisjonelt er det mindre straffesaker som varer inntil éin dag, som er aktuelle for slike besøk, og i utgangspunktet er det desse me tilbyr for skuleklassar.
Framgangsmåte for skular som ynskjer å vera tilhøyrar i retten:
- Gå inn på sakslista for domstolane.
- Søk opp saker for Gulating lagmannsrett i det aktuelle tidsrommet.
- Ved å klikka på saksnummeret får ein opp informasjon om rettsstad og sakstype. Hugs å velja rett rettsstad. I Bergen er det plass til skuleklassar i rettssal 1A og 1B.
- Kopier teksten for den aktuelle saka frå lista.
- Send e-post til gulating.lagmannsrett@domstol.no med ynske om tilhøyrarplass i saka/sakene saman med informasjon om
- saka (jf. førre punkt)
- kor mange tilhøyrarar de er
- namn og mobilnummer til lærar/kontaktperson
Me sender ei tilbakemelding på om de har fått plass som tilhøyrarar i det/dei aktuelle rettsmøtet/rettsmøta.
Send førespurnaden seinast tre arbeidsdagar før saka startar. Dei som er først ute, har størst sjanse for å få plass.
Det hender at saker vert avlyste eller byter rettssal. Det er difor ikkje hensiktsmessig å senda førespurnaden meir enn éin månad før saka skal gå.
Tilbakemelding på besøket
Vi set stor pris på tilbakemeldingar etter at de har besøkt oss. Evalueringsskjema finn de her: Evalueringsskjema (survey-xact.no)
Avlyste saker på kort varsel
Nokre rettssaker vert avlyste på svært kort varsel, óg same dag eller dagen før saka skulle gått. Gulating lagmannsrett har ikkje kapasitet til å finna ei ny sak på så kort varsel. Me rår difor alle skuleklassar til å ha eit alternativt program i tilfelle dette skulle skje.
For deg som vil læra meir om domstolane
Elevar og lærarar som skal læra meir om domstolane og rettssystemet, kan gå til sida «For skulane». Her finn du mellom anna
- oppgåver i form av quiz og ordkoplingar
- meir informasjon om korleis ein kan følgja ei rettssak gjennom besøk i ein domstol
- nyttige lenker til meir informasjon om domstolane
Oppførsel i retten
Dei fleste rettssaker er offentlege.
Det er viktig å ha respekt for domstolen og dei involverte. Det blir difor stilt strenge krav til at tilhøyrarane opptrer roleg og omsynsfullt, og rettar seg etter følgande reglar i rettssalen:
- Mobiltelefonar skal vere slått av.
- Det er ikkje tillate å ta mat eller drikke med inn i salen. Tyggegummi er heller ikkje tillat.
- Alle skal reisa seg når dommarane kjem inn, og når dei går ut i samband med pausar. Det same gjeld når retten vert heva.
- Når ankeforhandlinga har starta, er det ikkje tillatt med kommunikasjon eller annan aktivitet som fører til uro inne i eller utanfor rettssalen.
- Dersom ein ønskjer å forlata rettssalen, bør det helst skje i samband med ein pause.
- I rettssalen er det dommarene som bestemmer. Om dommarene til dømes seier at tilhøyrarar ikkje skal ha lue på i rettssalen, må alle rette seg etter det.
Brot på desse reglane kan medføre at de blir vist ut av rettssalen.
Me ynskjer elevar og lærarar velkomne til ein lærerik dag i retten!
Du finn mykje nyttig informasjon på dei sentrale sidene «For skolene».