Forsikringsbedrageri - straffutmåling/samfunnsstraff

13.09.2004, HR-2004-01507-A, (sak nr. 2004/644), straffesak, anke
straffeloven § 272 andre ledd nr. 2
A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta

Mitsem, Stabel, Oftedal Broch, Bruzelius, Gjølstad

A var i lagmannsretten dømd for brotsverk mot straffeloven § 272 andre ledd nr. 2 - for å ha oppgitt feil kilometerstand og innkjøpspris ved forsikringsoppgjeret for ein stolen bil. Desse feilopplysningane svarte til ein verdiskilnad på ca. kr 50 000. Straffa blei sett til 30 dagar fengsel. I tingretten var han dømd etter straffeloven § 272 første ledd - for feilaktig å ha meldt bilen stolen.

A anka straffutmålinga i lagmannsretten til Høgsterett. Høgsterett viste til at det etter rettspraksis vert reagert med fengsel utan vilkår for forsikringsbedrageri, med mindre det dreier seg om etter måten moderate summar eller ligg føre særlege omstende i favør av ein mildare reaksjon. Dei allmennpreventive omsyna som grunngjev dette utgangspunktet, er tungtvegande også ved straffbare handlingar i samband med eit forsikringsoppgjer. Dette er tilfellet sjølv om det da også kan verke avskrekkande at forsikringstakaren risikerer å tape ei erstatning han elles har krav på. Sjølv om strafferamma i § 272 andre ledd er lågare enn i § 272 første ledd, vil utgangspunktet også for slike forhold vere fengsel utan vilkår. Skulle det i dette tilfellet bli fastsett ein annan reaksjon enn fengsel utan vilkår, måtte det forankras i andre omstende enn det økonomiske omfanget i saka. Høgsterett la vekt på at brotsverket fann stad for fire og eit halvt år sidan, og at den dømde ikkje kunne lastas for at saka var blitt gammal. Tidsgangen - i kombinasjon med at andre omstende under etterforskinga og handsaminga i rettsapparatet hadde gitt han ekstra belastingar - førte til at Høgsterett fann å kunne dømme han til samfunnsstraff. Samfunnsstraffa blei fastsett til 36 timar, med ei gjennomføringstid på 90 dagar. Den subsidiære fengselsstraffa blei sett til 30 dagar.

Les heile avgjerda