Ung lovbrytar, barnekonvensjonen - straffutmåling

26.01.2005, HR-2005-00131-A, (sak nr. 2004/1488), straffesak, kjæremål
FN's konvensjon barnets rettigheter (barnekonvensjonen)
A (advokat Svein Duesund) mot Den offentlege påtalemakta

Rieber-Mohn, Støle, Skoghøy, Flock, Gussgard

Saka galdt eit vidare kjæremål over ein ordskurd om delvis fullbyrding av subsidiær fengselsstraff som ledd i dom på samfunnsstraff, nærare bestemt om lagmannsrettens ordskurd er i strid med FN's konvensjon om barnets rettar (barnekonvensjonen). Dommen på 30 timars samfunnsstraff, subsidiært 21 dagars fengsel, galdt mellom anna vald mot politiet og promillekjøring. Etter at den dømde, som er fødd 20. desember 1987, hadde uteblitt fleire gonger frå samtalar med kriminalomsorga, og to innskjerpingssamtalar var gjennomførte utan at det forhindra at den dømde uteblei på ny, vedtok tingretten, etter krav frå kriminalomsorga, at 8 dagar av den subsidiære fengselsstraffa skulle fullføras.

Lagmannsretten forkasta eit kjæremål frå den dømde. Rettsbruken til tingretten blei vurdert og funnen i orden også i tilhøve til barnekonvensjonens artikkel 3 nr. 1 og artikkel 37 bokstav b. Kjæremålsutvalet i Høgsterett vedtok at kjæremålet i sin heilskap skulle avgjeras av Høgsterett, og etter vedtak av justitiarius fann det stad partsforhandling etter dei reglane som gjeld for ankesaker. Høgsterett, som i utgangspunktet hadde avgrensa kompetanse etter straffeprosesslovens § 388, forkasta kjæremålet. Høgsterett slo fast at det ikkje med nokon rett kan gjeras gjeldande at reglane om fullføring av subsidiær fengselsstraff ved samfunnsstraff utan vidare strid mot føresegnene i barnekonvensjone. Det er innanfor ramma av straffegjennomføringslovens § 58 og straffelovens § 28 b fullt mogleg å ta tilbørleg omsyn til "barnets beste" og berre nytte fengselsstraff som "en siste utvei" og innanfor "kortest mulig tidsrom". Høgsterett fann vidare at rettsbruken til lagmannsretten bygde på ei rett forståing av føresegnene i barnekonvensjonen. Lagmannsretten hadde vurdert handsaminga til kriminalomsorga av den dømdes manglande gjennomføring av samfunnsstraffa i høve til barnekonvensjonens krav. Det blei ikkje sett som noko problem i høve til barnekonvensjonen at lagmannsretten etter straffelovens § 28 b var forplikta til å treffe vedtak om heil eller delvis fullføring. Kriminalomsorga hadde i samband med at A hadde halde seg borte frå mange pålagde samtalar, vore naudsynleg tilbakehalden med å nytte fengsel overfor ein så ung person som A var. Høgsterett peika også på at A var dømd til samfunnsstraff for kriminalitet som normalt ville ha ført til fengselsstraff utan vilkår for ein vaksen person. Høgsterett hadde heller ikkje noko å innvende mot merknadene til lagmannsretten til barnekonvensjonens artikkel 3 nr. 1 om at "barnets beste" skal vere eit overordna omsyn.

Les heile avgjerda