Fartsbrot - samfunnsstraff og straffutmåling

01.03.2005, HR-2005-00309-A, (sak nr. 2005/1), straffesak, anke
Vegtrafikklova § 31 fyrste ledd jf § 5 fyrste ledd jf. andre ledd jf. skiltforskriften § 8 jf. vegtrafikklova § 33 nr. 1
A (advokat Gunnar K. Hagen) mot Den offentlege påtalemakta (kst. førstestatsadvokat Morten Holmboe)

Rt-2005-134

Skoghøy, Stabel, Gussgard, Flock og Aasland

A var dømd for å ha køyrt i 112 km/t i ei 60 km/t-sone. Både i tingrettsdommen og i dommen frå lagmannsretten var straffa fastsett til fengsel utan vilkår i 14 dagar. Spørsmålet var om det var grunnlag for å nytta samfunnsstraff.

For fartsbrot i ei 60 km/t-sone har det tradisjonelt vore reagert med fengsel utan vilkår dersom farten har vore over 110 km/t. Etter tre avgjerder i Høgsterett 17. november 2004 (HR-2004-01913-A, HR-2004-01914-A og HR-2004-01915-A) kan det likevel ved fartsbrot som så vidt ligg over grensa for å reagera med fengsel utan vilkår, nyttast samfunnsstraff dersom det ikkje ligg føre særlege omstende som tilseier noko anna. Under dissens (4 mot 1) kom Høgsterett til at det kunne gjevast samfunnsstraff i denne saka. Det synet som er lagt til grunn i avgjerdene av 17. november 2004, må òg nyttast ved fartsbrot i 60 km/t-soner. Det aktuelle fartsbrotet hadde skjedd på ein oversiktleg firefeltsveg utan avkøyrsler. Det omstendet som kunne tala mot å nytta samfunnsstraff, var at fartsbrotet hadde skjedd i eit kollektivfelt, og at køyring med høg fart i eit kollektivfelt kan innebera særlege faremoment. Då lagmannsretten hadde lagt til grunn at det i det føreliggjande tilfellet ikkje oppstod andre faremoment enn den risikoen som farten i seg sjølv innebar, fann fleirtalet at det omstendet at fartsbrotet hadde skjedd i eit kollektivfelt, i dette tilfellet ikkje kunne vera til hinder for å nytta samfunnsstraff. Samfunnsstraffa vart sett til 36 timar med ei gjennomføringstid på 90 dagar, og den subsidiære fengselsstraffa vart sett til 18 dagar. Mindretalet la avgjerande vekt på at fartsbrotet hadde skjedd ved uheimla køyring i eit kollektivfelt, og røysta for å forkasta anken. Mindretalet viste til kor viktig det er at trafikkbiletet i kollektivfelt er føreseieleg, og heldt fram at ein bør unngå at bilførarar blir freista til å utnytta den mindre trafikkmengda i dette feltet til å køyra over fartsgrensa for å koma snøggare fram. Det at lagmannsretten hadde lagt til grunn at det ved køyringa konkret ikkje oppstod andre faremoment enn farten, kunne ikkje vera avgjerande, slik mindretalet såg det.

Les heile avgjerda