Fartsbrot - straffutmåling

01.03.2005, HR-2005-00310-A, (sak nr. 2004/1799), straffesak, anke
Vegtrafikklova § 31 fyrste ledd jf § 5 fyrste ledd
A (advokat Gunnar K. Hagen) mot Den offentlege påtalemakta (kst. førstestatsadvokat Morten Holmboe)

Rt-2005-170

Flock, Stabel, Skoghøy, Gussgard og Aasland

A hadde køyrt i 155 km/t i ei 100 km/t-sone. I tingretten vart straffa sett til fengsel i 21 dagar. Ho vart redusert til fengsel i 15 dagar i lagmannsretten. Den domfelte anka til Høgsterett og gjorde gjeldande at han måtte dømmast til samfunnsstraff.

Høgsterett forkasta anken. Retten viste til HR-2004-01915-A og to andre avgjerder som var tekne same dagen, 17. november 2004, og uttala at det kan vera rom for å reagera med samfunnsstraff der farten berre så vidt ligg over grensa for å nytta fengsel utan vilkår. A var tidlegare straffedømd fire gonger og bøtelagd ni gonger for brot på vegtrafikklova. Dette var eit omstende som tilsa at det ikkje burde reagerast med samfunnsstraff.

Les heile avgjerda