Tap av førarrett
11.05.2005, HR-2005-00772-A, (sak nr. 2005/134), straffesak. anke
Vegtrafikklova § 31 fyrste leden, jf. § 3 og § 12 andre leden
A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Inger Wiig)
Rt-2005-641
Stang Lund, Utgård, Oftedal Broch, Gjølstad og justitiarius Schei
A vart ved tilståingsdom i Oslo tingrett dømd til å betala 8 000 kroner i bot og til å tola tap av førarrett og køyresetel for drosje i fire månader. Han hadde i april 2004 rygga på ein fotgjengar i eit fotgjengarfelt og køyrt frå staden utan å opplysa om namn og adresse. Tingretten fann at inndraging av førarkortet måtte reknast som straff, og at straffelova § 59 andre leden skulle nyttast, sidan den domfelte hadde gjeve ei tilståing utan atterhald og dermed letta saksbehandlinga og avgjerda i saka.
Oslo politidistrikt og A anka straffutmålinga til lagmannsretten, som i dom 20. desember 2004 auka tapstida til seks månader. Lagmannsretten la til grunn at tap av førarrett i utgangspunktet ikkje er straff, men at ein kunne leggja vekt på prinsippet i § 59 andre leden når ein skulle avgjera kor lang tapstida skulle vera. Høgsterett vraka anken over straffutmålinga frå den domfelte. Vegtrafikklova § 33 nr. 1 og førearbeida til lovendringa 4. juli 2003 sett i samanheng med forskrift om tap av retten til å føra motorvogn må tolkast slik at den tidlegare nokså skjematiske administrative praksisen med inndraging av førarkort skal førast vidare. Det følgjer av § 33 nr. 1 sjette leden og førearbeida til lova at domstolane berre heilt unntaksvis kan gå under ei minstetid som er fastsett i lov eller forskrift. I motsetning til lagmannsretten fann Høgsterett at ein heller ikkje kunne leggja vekt på prinsippet i § 59 andre leden når ein nytta føresegnene om tap av førarrett i vegtrafikklova og forskrift om tap av retten til å føra motorvogn. Standardisert fastsetjing med sikte på å føra vidare den tidlegare administrative praksisen kunne vanskeleg sameinast med nedsetjing av straffa etter § 59 andre leden. Når ein skulle fastsetja tapstida, måtte utgangspunktet vera forskrifta § 2-5 nr. 5 om vikeplikt for person i fotgjengarfelt og § 2-7 nr. 2 om ikkje å opplysa om namn og adresse ved trafikkuhell. Båe fastset at tapet av førarrett bør setjast til minst seks månader. Jamvel om den domfelte var yrkessjåfør og vart hardt råka ved tap av førarrett, fann Høgsterett i tilslutning til lagmannsretten at det ikkje var grunnlag for å gå under minstetida etter § 33 nr. 1 sjette leden.