Grov lekamsskading - straffutmåling. Spørsmål om deldom

27.06.2006, HR-2006-01132-A, (sak nr. 2006/549), straffesak, anke
Straffelova § 232
Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Erik Thronæs) mot A (advokat Erik Keiserud)

Rt-2006-843

Dommarar: Utgård, Skoghøy, Lund, Coward og justitiarius Schei

På ein fest der det deltok mange ungdommar, kom A i verbal konfrontasjon med ein annan av deltakarane, B. Dei to gjekk frå kvarandre utan at det skjedde noko meir. Litt seinare på kvelden stengde A døra for den andre, som då skulle forlate festen. Ein tredje heiv ein feiekost mot A, som ikkje vart treft. A fann seg ei glasflaske, som var knust og hadde utstikkande, spisse kantar. På dette tidspunktet hadde B kosten i handa, utan å gjere noko med den. A slo så flaska mot halsen til Lie, som fekk eit rift i venstre hovudpulsåre og ei kraftig bløding.

B vart køyrd til sjukehus, der han vart i to dagar. Han vart sjukmeld i tre veker. Den krenkte kunne ha døydd om han ikkje raskt kom under medisinsk behandling. Som følgje av stikket, fekk han ein skade på stemmebandet, som skapar vanskar når han skal snakke mykje. A vart funnen skuldig for brot på straffelova § 231 første straffalternativ, jf. § 232, både i tingrett og lagmannsrett. Det vart lagt til grunn at den dømde forsettleg hadde påført den krenkte "betydelig Skade" og at det var nytta særleg farleg reiskap. Straffa var i tingretten sett til fengsel i to år og ni månader, av dette ni månader på vilkår. I lagmannsretten sette fleirtalet - meddommarane - straffa til fengsel i tre år, og av dette eitt år og seks månader på vilkår. Mindretalet - fagdommarane - kom til same resultatet som tingretten. Høgsterett viste til at det her var ei svært alvorleg handling. Fleirtalet - tre dommarar - kom likevel til at det burde givast dom på fengsel i to år og ni månader, der ni månader er på vilkår, slik tingretten og mindretalet i lagmannsretten hadde kome til. Det vart særleg vist til at den dømde som hadde diagnosen ADHD, hadde mista resepten for medisinar mot lidinga, og ikkje hadde kunne få ny for den same perioden. Han var ikkje tidlegare domfelt, og det låg ikkje føre opplysningar om at han tidlegare hadde vore valdeleg eller hadde vore oppfatta som kranglete eller konfliktskapande. Mindretalet - to dommarar - meinte at straffa burde setjast til fengsel i to år og seks månader, og at det ikkje var grunnlag for å gi nokon del på vilkår. Det vart uttala at det i seg sjølv var problematisk å leggje vekt på ADHD-lidinga ved straffutmåling. Den dømde var dessutan klar over at han mangla vanlege medisinar, men drakk likevel store mengder alkohol.

Les heile avgjerda