Straffutmåling for valdtekt

Høgsteretts dom 6.3.2007, HR-2007-00455-A, (sak nr. 2006/1842), straffesak, anke
Straffelova § 54 nr. 3
Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Erik Thronæs) mot A (advokat Gunnar K. Hagen)

Rt-2007-347

Dommarane: Utgård, Stang Lund, Matningsdal, Endresen, Gussgard

Saka gjaldt straffutmåling for valdtekt. Straffa var av tingretten sett til fengsel i 4 år og av lagmannsretten til fengsel i to år og åtte månader. Påtalemakta hadde anka til skjerping av straffa.

A var domfelt for to valdtekter i tilknyting til avslutning av kjærasteforhold. Han hadde innleia eit forhold, også seksuelt, med den krenkte sommaren 2002. Forholdet varte også medan han frå desember 2003 sona den vilkårslause delen av ein dom frå februar 2003 for seksuell omgang med to jenter under fjorten år. Soninga vart avslutta i juli 2004, og den krenkte i saka no ville då avslutte forholdet. Han hadde vanskeleg for å akseptere det, og ønskte dei skulle møtast. Dei hadde frivillig samleie ein eller to gonger før han 13. september tiltvang seg samleie. Dei møttest så 7. oktober for å setje sluttstrek for forholdet. I lagmannsrettsdommen er det uttala at ho følte seg trygg på han og framleis var glad i han, og at dei la seg på senga hans og at ho der tillet at han heldt rundt henne og strauk henne. Han tiltvang seg igjen samleie.

Dommen frå februar 2003 gjaldt domfelling for samleie og samleieliknande handlingar med to jenter som på gjerningstidspunktet var 12 år og 10 månader og 12 år og 11 månader gamle. Straffa var der sett til fengsel i to år og seks månader, av dette eitt år og seks månader på vilkår. Soninga var avslutta 22. juli 2004, slik at valdtektene skjedde kort tid etter at han kom ut av fengselet.

Høgsterett tok anken frå påtalemakta til følgje. Det vart vist til det faktiske grunnlaget i lagmannsrettens dom. Samtidig var det her tale om handlingar som var gjorde i prøvetida for vilkårsdelen av dommen frå 2003, som også gjaldt alvorlege seksualbrotsverk. Straffa no skulle utmålast som fellesstraff for dei to valdtektene og for resttida på fengsel i eitt år og seks månader. Ut frå dette fastsette Høgsterett straffa til fengsel i tre år og ni månader.

Les heile avgjerda