Karensføresegn i vilkåra for kollektiv gruppelivsforsikring
Høgsteretts dom 26.05.2008, HR-2008-00929-A, (sak nr. 2008/92), sivil sak, anke
Forsikringsavtalelova § 11-2
Gjensidige Forsikring BA (advokat Solveig Brorson Olsen) mot Rudolf Albin Olaussen (advokat Per A. Amundsen)
Dommarane: Oftedal Broch, Matningsdal, Indreberg, Bruzelius, Schei
Saka gjaldt om ei karensføresegn i vilkåra for kollektiv gruppelivsforsikring må vere framheva i forsikringsbeviset for at forsikringsselskapet skal kunne gjere vilkåret gjeldande, jf. forsikringsavtalelova § 11-2 andre ledd bokstav b.
Rudolf Albin Olaussens arbeidsgivar inngjekk 1. januar 1999 ein kollektivavtale om gruppelivsforsikring med Gjensidige Skadeforsikring. Etter avtalen var dei tilsette sikra ei eingongsutbetaling ved tap av arbeidsevne på grunn av uførleik. Forsikringsvilkåra inneheldt ei karensføresegn som innebar at forsikringa ikkje dekte tap av arbeidsevne som skjedde innan to år etter at selskapets ansvar byrja å gjelde, dersom uførleiken kom av ein sjukdom som den forsikra hadde på det tidspunktet, og som han kjende til.
Den 2. mai 2000 blei Olaussen langtidssjukemeld på grunn av ein høyrselsskade som var konstatert første gong i 1991. Han fekk eitt år seinare godkjent full uførepensjon. Gjensidige nekta å betale erstatning etter kollektivavtalen og viste til at uførleiken hadde komme i karensperioden. Olaussen hevda at karensvilkåret ikkje kunne gjerast gjeldande mot han fordi det ikkje var framheva i forsikringsbeviset, jf. fal § 11-2, som krev dette for at bl.a. atterhald som er tekne om avgrensing av ansvaret på grunn av helsetilstanden til den forsikra, skal kunne gjerast gjeldande. Gjensidige hevda at føresegna berre gjaldt individuelle forsikringsavtalar. For kollektivavtalar var det tilstrekkeleg at Olaussen hadde fått utlevert forsikringsvilkåra, der karensføresegna var teken inn.
Olaussen la saka fram for Forsikringsskadenemnda, som under dissens gav han medhald. Gjensidige aksepterte ikkje vedtaket i nemnda, og Olaussen reiste søksmål ved Oslo tingrett. Både tingretten og lagmannsretten gav Olaussen medhald.