Skattemessig gjennomskjering

Høgsteretts dom 13.11.2008, HR-2008-01981-A, (sak nr. 2008/1010), sivil sak, anke over dom

Petroleumsskattelova § 3

Staten v/Oljeskattekontoret (Regjeringsadvoakten v/advokat Goud Helge Homme Fjellheim) mot ConocoPhilips Skandinavia AS (advokat Eirik Jensen)

Dommarane: Utgård, Indreberg, Matningsdal, Skoghøy, Tjomsland

Saka gjaldt skattemessig gjennomskjering for likningsåra 2000 og 2001. Etter dågjeldande reglar i petroleumsskattelova § 3 bokstav d skulle det rekast ut ein finansnetto ved at finansielle inntekter skulle trekkjast frå finansielle kostnader. Finansnettoen skulle fordelast mellom særskatteregimet på sokkelen (med 78 prosent skatt) og skatteregimet på land (med 28 prosent skatt) i samsvar med fordelinga av nettoinntekta før skatt under dei respektive regima. Dette gav eit sterkt tildriv til gjeldsfinansiering på sokkelen, og etter petroleumsskattelova § 3 bokstav h var derfor retten til rentefrådrag avgrensa dersom den finansielle eigenkapitalen var mindre enn 20 prosent av summen av gjeld og eigenkapital i balansen ved det rekneskapsmessige årsoppgjeret.

Dåverande Norske Conoco AS (NCAS) som seinare har skift namn til ConocoPhillips Skandinavia AS har eit dotterselskap Conoco Investments Norge AS (CIN). CIN erverva ei fordring frå eit engelsk konsernskap, i tilknyting til eit oppkjøp dette gjorde. Ettersom CIN hadde liten eigenkapital, tilførte NCAS midlar til selskapet i form av eit eigenkapitalinnskot. Renter på fordringa tilkom då CIN, med 28 prosent skatt under landskatteregimet. NCAS hadde eigenkapitalinnskotet som eigendel i sin balanse, og kunne då tiltrekkje seg renteberande lån med 78 prosent frådrag i skatten.

Høgsterett – fleirtalet på tre dommarar – kom, til liks med lagmannsretten, til at det ikkje var nødvendig å ta stilling til om grunnvilkåret for gjennomskjering, at sparing av skatt var det hovudsaklege føremålet med disposisjonen, var til stades. Tilleggsvilkåret, at opplegget måtte reknast å vere stridande mot føremålet med skattereglane, var nemleg ikkje oppfylt under noko omstende. Det vart vist til at det gjennom eit par ti-år hadde vore lovreglar som gjorde at slike disposisjonar ikkje hadde vore i strid med ordlyden i regelverket. Skattestyresmaktene hadde vore merksame på dette, og også på at sokkelselskapa i stort omfang tilpassa seg dette. Fleirtalet kom etter dette til at det ikkje var grunnlag for gjennomskjering.

Mindretalet – dommarane Indreberg og Tjomsland – kom til at det var grunnlag for gjennomskjering, i det både grunnvilkår og tilleggsvilkår var oppfylt.

Les avgjørelsen i sin helhet