Spørsmål om fagkunnig meddommar var inhabil

Høgsteretts dom 29.01.2008, HR-2008-00183-A, (sak nr. 2007//863), sivil sak, anke
Domstollova §§ 108 og 111
Barlindhaug Eiendom AS (advokat Stig Rune Østgaard) mot Malthus AS (advokat Thorstein Furustøl)

Dommarane: Lund, Coward, Oftedal Broch, Utgård, Øie

I ei entreprisesak mellom Barlindhaug Eiendom AS og Malthus AS vart ingeniør Knut Bjørkum oppnemnd som fagkunnig meddommar for Hålogaland lagmannsrett. For Høgsterett har Barlindhaug Eiendom gjort gjeldande at retten ikkje var lovleg samansett grunna inhabilitet for ingeniør Bjørkum, og at lagmannsrettsdommen derfor måtte opphevast, jf. tvistemålslova § 384 andre ledd nr. 1. Det som vart gjort gjeldande som inhabilitetsgrunn, var at ingeniør Bjørkum er bror til den advokaten som tok ut stemning for tingretten på vegner av Malthus. Etter stemninga bytte Malthus advokat.

Lagmannsretten vart merksam på tilhøvet etter at ankeforhandlingane var haldne men før det var gitt dom, og retten orienterte då partane. Barlindhaug Eiendom ville då ikkje setje fram formell inhabilitetsinnvending, men uttala at parten eventuelt ville kome med dette i ein eventuell anke.

Høgsterett viste til at dette tilhøvet fell utanom opprekninga i domstollova § 106, og at det då må vurderast etter domstollova § 108. Spørsmålet var då om det låg føre ”særegne omstendigheter” som var skikka til å ”svekke tilliten til hans uhildethet”. Etter domstollova § 111 første ledd må den som vil krevje at nokon skal gå frå som dommar som inhabil, krevje det straks han får vite om dei særeigne omstenda. Etter § 111 andre ledd kan han ikkje lenger krevje det, når han har visst om dei særeigne omstenda, men likevel har delteke i forhandlingar for retten.

Høgsterett delte seg i eit fleirtal på tre – dommararne Lund, Oftedal Broch og Utgård – og eit mindretal på to – dommarane Coward og Øie.

Fleirtalet la til grunn at ein her var utanfor området for domstollova § 111, og at det då må skje ei vurdering etter § 108. Det vart vist til avgjerder i  Rt. 1986 side 558 og i Rt. 2004 side 1794 med tilvising til Rt. 2004 side 1513.

I dette tilfellet hadde partane kome med framlegg til meddommarar. Ei slik ordning er neppe uvanleg i sivile saker som den aktuelle. Men når situasjonen er at kvar part kan påverke valet av meddommarar så sterkt, må prøvinga av habiliteten bli litt annleis enn om vedkomande av retten var oppnemnd eller trekt utan slikt direkte framlegg. Det er ikkje berre spørsmål om den aktuelle dommaren er i ein situasjon der han kan vere påverka, men minst like mykje om tillit hos folk flest – medrekna dei som er partar i ei sak – til at domstolane er upartiske. Omstenda ved oppnemninga var her lite opplyste. Sjølv om det ikkje var noko konkret som tilsa ei inhabiliserande tilknyting, kom fleirtalet til at Knut Bjørkum hadde vore inhabil. Lagmannsrettsdommen måtte då opphevast.

Mindretalet fann det vanskeleg å sjå at det at broren som advokat for Malthus halvanna år tidlegare hadde teke ut stemning, skulle vere eigna til å påverke ingeniør Bjørkum som meddommar, når broren for lengst var ute av saka.  Under føresetnad av at omstenda var rett framstilte, burde dette heller ikkje vere eigna til å svekke andre sin tillit til at meddommaren var uhilda. Dette tala for at det ikkje låg føre inhabilitet etter § 108. Mindretalet hadde også eit anna syn på § 111 enn fleirtalet, og meinte at det måtte ha ei viss vekt at Barlindhaug Eiendom ikkje hadde vilja gjere gjeldande inhabilitet straks føretaket vart kjend med dei faktiske omstenda.

Les avgjørelsen i sin helhet