Grov aktlause i samband med trafikkulykke

Høgsteretts dom 23.10.2008, HR-2008-01831-A, (sak nr. 2008/1097), straffesak, anke over dom
Vegtrafikklova § 31, jf. § 3
Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Ellen Katrine Hætta) mot A (advokat Erik Keiserud)

Dommarane: Flock, Bårdsen, Tønder, Stang Lund, Tjomsland

Etter å ha blitt frifunnen i tingretten blei A i Hålogaland lagmannsrett dømd til 18 dagars fengsel på vilkår og ei bot på 10 000 kroner for brot på vegtrafikklova § 31, jf. § 3.

Bakgrunnen for saka var ei trafikkulykke som skjedde ein haustdag i 2006, då A køyrde bil frå X nordover mot Y. Etter ei tidlegare trafikkulykke var vegen meir eller mindre sperra på ulykkesstaden av bilar og personar i vegbana. Ein Audi som køyrde same veg som A, hadde stansa og sett på blinkande nødlys. Lysa var samanhengande synlege for trafikk sørfrå på over 400 meters avstand. Likevel unnlét A å redusere farten inntil han var berre ca. 40 meter unna. Han køyrde inn i Audien og fór vidare saman med denne bilen 25 meter til. Fleire personar blei skadde. Ein av dei, B, måtte ha to operasjonar i kneet og var sjukmeld i 10 månader.

Høgsterett peikte på at A hadde gjort seg skuldig i langvarig, kvalifisert vørdsløyse, og at forholdet måtte karakteriserast som grovt aktlaust. Straffa blei målt ut til fengsel utan vilkår i 18 dagar. Den skadelidde blei tildømd oppreising med kroner 30 000, jf. skadeserstatningslova § 3-5. Høgsterett la stor vekt på at det i dette tilfellet ikkje var tale om forsettleg påført skade.

Les avgjørelsen i sin helhet